Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 93 94 95 96 97 98 99 >>
 
Lese gjennom nokre dikt?Posta av Helge    05/01-09  10:05
Av og til, kvart einaste år i mi poesikarriere, blir eg beden om å lese gjennom nokre dikt... Eg blir ikkje lei for det. Innimellom svarer eg nei på spørsmålet pga knapp tid som eg har til rådvelde, innimellom svarer eg ja pga plikt som eg har, tykkjer eg, når eg sjølv har fått høve til å komme fram med dikt gjennom førti år, i aviser, i tidsskrift og i bokutgjevingar og på scene...

Eg blir ikkje lei for å få spørsmål. Og mange gonger kan det vere inspirerande å sjå kva som er i emning eller sjå kva som går føre seg på ulike arenaer, lokalt eller nasjonalt. Men eg kan også få eit spørsmål frå utlandet, det gir ei god kjensle.

Dersom eg skal nemne eit enkelt tilfelle av innsyn som eg hugsar spesielt godt, så må det vere møtet mitt med Ottar Ormstads telefonkatalogdiktet mange månader før boka var heilt ferdig og kom ut, ho kom ut tidleg i 2006 på Samlaget. Materialet hans var så orginalt.

Ps 6/1-09: Sjå elles på tilbakemeldingar under overskrift: Oppdrag (7/10-08).


Posta av Helge    05/01-09  10:30
Men:

Men eg har aldri hatt tilknyting til noko forlag som konsulent. Dermed har eg kunna stått meire fritt. Berre 1 periode i karriera mi, om eg kan bruke eit slikt uttrykk som karriere her, hadde eg ein formell bokmeldar-posisjon i ei avis, og det var i Dag og Tid nokre månader tidleg på 1980-talet. Vel har eg utanom denne eine posisjonen gjort lause bokmeldingar ved enkelte høve (for tidsskrift eller for avisene Klassekampen og Vestmar).


Tida i andre halvpart av 1960-åra var spesiell. Da las eg sjølvsagt manuset til blikket av Jan Erik Vold på Kommet forlag, som han og eg styrte saman i 1966. Og eg var aktiv i redaksjonen for tidsskriftet Profil i tre år. Men der skreiv eg fleire eigne manifest enn formelle bokmeldingar, for å seie det litt stutt.... Ulike slags medieanalysar var feltet mitt og ærendet mitt.


Posta av Helge    05/01-09  12:57
For ei tid sidan gjorde Forlaget Attåt opptrykk av Profil 3/4-1969 i faksimile-utgåve.

Dette er Profil-nummeret som tok opp «trafikk-krigen». Og der hadde eg ein lett anonymisert artikkel om «musikk i skolen». Denne artikkelen formulerer indirekte kunstsynet mitt i ei tid imellom avantgardisme og «maoisme». Og: Eg leitar etter eit godt dekkjande ord no. Kanskje «kunstpluralisme» kan passe? Dvs eit alternativ til einsretting av kunst. Det motsette av einsretting av kunst? Vil eg kunne følgje opp vidare denne tråden gjennom notida si interesse for avantgarde-tradisjonen, for strøymingar i delar av norsk 1960-tal? På kommande seminar og gjennom kommande utgjevingar? Det ser slik ut.


Posta av Helge    06/01-09  11:56
Gode gåver gjennom posten!


Kringkastingssjefen kan no få gode gåver frå lyrikarar gjennom posten. Ei og ei bok. Dette vil han merke. Bønna vår er at NRK ikkje legg ned sitt faste poesiprogram i 2009 ...


Med det same som Hans-Tore Bjerkaas får diktsamlingar gjennom posten: Her er ei poetane si aktuelle oppfordring til kulturminister og kringkastingssjef ... Også dette vil merkast, trur eg.


Posta av Helge    13/01-09  11:01
Samtidsdikt på nettet

Ein fin måte å lese - heilt nye eller iallfall ikkje altfor uttømde - samtidsdikt på, tykkjer eg, er å følgje med på Poesiportalen. Der har også eg byrja å bidra litt i det siste, i diskusjonen som Erik Boye legg opp til . Der vil vi kunne buse ut med raske tankar kring dikt som er valde.

Erik Boye vil også ta føre seg Olav H. Hauges På ørnetuva no, etter sekvensen på nettstaden med Stein Mehrens intuitive diktmetode - diktmetode alt frå debuten til Mehren - Gjennom stillheten en natt. Eg tykkjer det er interessant å å sjå gjennom samtidige dikt.

Planen på Poesiportalen er eit tverrsnitt gjennom åra 1960, 1961 og 1962, slik eg har forstått det. Også Kate Næss er med der.


Posta av Helge    18/02-09  22:13
Det er mange måtar å slumpe innom dikt på. Somme gonger, men ikkje for ofte, kan dikt nå deg frå nettet ved at forfattaren legg dikta ut. Og nettet er ein open plass som ein kjem inn på. Her kan eg iallfall nemne eksemplet poeten Heikki Gröhn/ heikki heikki .

Og han har i den siste tida gitt ut tre bøker som utforskar det relativt kortfatta muntlege diktet, f.eks dette diktet frå På liv og død, på måfå, på leven
(2008):


Ei ikkje-hending


Ein dag for ikkje lenge sidan
hende det noko rart:
Jorda eksploderte.

Men på nøyaktig same tid
imploderte ho.

Det var derfor du ikkje merka noko.


Posta av Helge    02/03-09  20:15
Lese gjennom nokre dikt - slik kan det da bli, og dette er greit nok. Innimellom blir det heilt annleis: For eg veit at dikta er der, kan nesten ikkje lese dei fort nok... Eg sit saman med kjærasten og ho bli nysgjerrig og vil høyre ein del av dikta. Samtidig blir dikt ofte svært levande av å lesast høgt, dei gjer jo det - .

Og slik gjekk det med nye Jeg satte mitt håp til verden av Cathrine Grøndahl. Med store forventningar, i stor spenning! For eg visste at det var svært sjølvstendige dikt frå Grøndahl. Les opningsdiktet hennar på Nytt 2.mars 09 .


Posta av Helge    03/03-09  11:47
Ein annan poet med dikt ute på nettet er Frank Stubb Micaelsen. Han eig også opplesing på You Tube, til jazz. Her, på nettstaden hans, finst diktgrupper to stader . Bla nedover.

Også Torild Wardenær byr på nettdikt i høve til somme av bokutgjevingane sine, t.d Houdini til minne . Og her er porten til nettstaden hennar .

Kjersti Ericsson har lagt ut par-tre dikt ifrå kvar av sine åtte diktsamlingar .


Posta av Helge    04/03-09  19:17
Dei innsende avisdikta til Diktkammeret på Dagbladet er på nettet. Ein kan finne dei der. Det hender at eg er innom og les. Eg festa meg nyleg ved «gummifriksjon 2» frå 24/2 og la det ut for min eigen del på nettstaden her.

Ps 5/3: Og her kjem ei rask tilbakemelding frå forfattaren av gummifriksjon 2 .



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn