Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 66 67 68 69 70 71 72 >>
 
Anmeldelse af Tania Ørums bogPosta av Susanne Christensen    24/01-10  10:54
Tak for link, Helge R. Jeg sætter selvsagt også spørgsmål bag ved «avantgardens tragedie», det er tit lidt tilfældigt hvad som bliver trukket frem i overskriften, men jeg synes det var sjovt at give folket skylden, for en gangs skyld, hvor samme avis ellers konsekvent har givet avantgardisternes arrogante elitisme skylden. Og så rimer jeg jo på Kenneth Goldsmith, det han siger om det åbne værk i filmen «Sucking on Words» (ligger på UbuWeb), at folket aldrig kom og satte stumperne sammen - hans perspektiv er da konsekvent ikke-tragisk.

Posta av Helge    26/01-10  13:07
Takk for melding tilbake. Avantgarden trur eg vil bli eit stadig søkt tema i 2010 ettersom mange av dei sprekaste litterære verka på norsk var påverka av avantgardistiske tankar. Ikkje minst åra 1967-69. Dette gjeld for mange kunstnarar (les her: forfattarar), altfor mange til å vere berre tilfeldig. Kunstnarane har ein tendens til å bli aller mest inspirerte av nettopp tidas tankar. Og dette tankegodset skiftar i takt med samfunnsutvikling og ideologi.

Eg skal komme tilbake til det som du viser til. Vi var somme i Oslo i helga og såg Fanny og Aleksander på Nasjonalteateret, med mykje pomp og prakt. Og i går var det eit arbeidssamt lokalt årsmøte å henge fingrane i.

Posta av Helge    02/02-10  18:07
Det som du svarte på, Susanne C, var jo Nytt-spalta mi Avantgardens tragedie? (med spørjeteikn) . Vel. Der står også lenka til meldinga di av Tania Ørums nemnde store forskararbeid - og dertil ei lenke vidare til ein artikkel som eg no skreiv, no for berre eit par dagar sidan.

1) Det er stor skilnad på den mektige avantgarden i Danmark og den fåtallige flokken i Noreg, trur eg. (Men eg veit for lite.)

2) I Noreg erobra ei avantgardegruppe Profil for eit par år. Men eit av dei få avantgardeverka i Noreg, nemleg Mor Godhjertas glade versjon. Ja, vann faktisk eit stort publikum - om ikkje ei særleg djup forståing i kritikken, som var nokså dominert av den høgmodernistiske «nykritikken», av såkalt nærlesing av berre «det som står i diktet», medan kontekst og bruk spelte lita rolle.

3) Det som brått tok knekken på avantgardismen som bølge i Noreg og utgjevinga av nye avant-gardistiske verk hos oss, var ei brå smaksvending i retning ein konservativ poesiestetikk i norske unge sosialistiske leirar, særleg hos dei norske maoistane, med enkelte sekteriske leiarar som faktisk kopierte Maos taktiske tale om kunst, frå 1942 under den japanske okkupasjonen av Kina (krig heilt frå slutten av 1930-talet). Iallfall spreidde ein konservativ estetikk seg på 1970-talet, denne fekk også næring frå særnorsk populisme. Nok til å stoppe effektivt den smule bråe avantgarde-bølgja på slutten av 1960-talet. Poesien blei skadelidande.



Ps (om Danmarks variant versus Noregs variant av 1960-åra):
Lars Bukdahl har vori inne med ei jamføring mellom Vold og Danmark gjennom ein avisartikkel for snart ti år sidan . Denne såg eg først no.


Posta av Helge    21/02-10  21:15
Eg held på og les i Tania Ørums svære dokument om avantgarden. Boka har mange sider, både heilt bokstaveleg og i overført tyding. Vagn Steen er ei av desse sidene...

Posta av Helge    24/02-10  14:23
Dermed så la eg noko om Tania Ørums funn kring Vagn Steen ut i Nytt-spalta, etter kvart, og eg siterte samtidig frå eit programdikt av Vagn Steen (frå 1963) .


Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn