Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 53 54 55 56 57 58 59 >>
 
Kontakt ønskesPosta av Grete Strømsøyen  19/01-11  23:19
Hei Helge Rykkja. Jeg har fått anbefalt deg som gjestelærer i poesi. Fint om du tar kontakt. Grete Strømsøyen


Posta av Helge    20/01-11  09:32
Hei
Eg har svart deg no - måtte bruke skolen sin epost til svaret. Takk for tilbodet! Helge Rykkja

Posta av Helge    12/02-11  09:44
Oppdraget som eg fekk (sjå over) er utført. Greit nok. For oppdraget valde eg eit nytt og aktuelt tema som eg kalte «sjølvbiografiske dikt», det vil seie dikt som både vil bli lesne som sjølvbiografi og samtidig bli lesne uavhengige, slik dikt blir lesne. Eit av dei valde døma mine var her eit par dikt frå Levi Henriksens sjølvbiografiske diktsamling .

Når ein får i oppdrag å undervise i kreativ skriving - det var dette eg blei beden om i utgangspunktet - så er det eit poeng at alle deltakarane gjev seg i kast med forsøk og kjem i mål med produkt. Og dette målet oppnådde vi, tykte eg.

Hjelpemiddelet «sjølvbiografiske dikt» synte seg å vere produktivt. (Også dikt av Hege Siri og Cathrine Grøndahl og dikt av meg sjølv brukte eg som døme til undervisninga.)


Posta av Helge    22/02-11  19:40
Det blei laga ei mangfaldiggjort samling av sjølvbiografiske dikt etter besøket mitt på skolen. Og denne blei sendt til meg sist veke, men er komme bort i posten. Så langt. Så framleis er eg spent på å sjå sluttproduktet...


Posta av Helge    16/03-11  10:39
Endeleg har eg no fått papirkopi av sluttproduktet av dagen med sjølvbiografiske dikt på linja med kreativ skriving, ei samling kalt Sør mot sør og nord mot nord. Dikta er «underskrivne» med fornamn. Greit nok for meg. Og for elevane seg imellom vil dikta fungere som korte sjølvbiografiar (og som dikt elles), fordi dei i klassen kjenner kvarandre utanom teksten...

Hos eksempelvis Levi Henriksen (boka nemnd ovafor) så kjenner publikum forfattaren elles, både frå nærmiljøet som han teiknar i boka, og frå andre mykje lesne bokutgjevingar av forfattaren. Og Levi Henriksen har utstyrt boka med familiefotografi. Han har skrivi ei rekkje dikt der som tilsaman absolutt fortel om eit liv, dvs eit sjølvopplevd liv - med drama og folk og alt.

Det å klare å skrive sjølvstendig eit enkeltståande sjølvbiografisk dikt, eit slikt som «Funny» av Jan Erik Vold er, det er ei utfordrande oppgåve i konsentrasjon og val av data - .

Eit dikt frå «kreativ skriving» som liknar meir på Henriksens tekstar enn på «Funny», det er (Julies):


Far og gitaren


Far fikk det aldri som han ville
Hvis han nå visste hva det var
så ble det iallfall ikke slik

Man skulle trodd det var barnelatter han savnet
at det var det som trakk munnvikene nedover
men nå har han meg
og min bror
og min søster
men munnen er fremdeles som en forlist båt

Når han spiller gitar er han annerledes
munnen blir en strek
kanskje et smil
min far kan fortape seg i musikken -
i denne smerten som han elsker så høyt

Jeg skulle ønske jeg var en gitar
slik at det var jeg som snudde båten rett vei
klar til sjøsetting

Jeg skulle ønske jeg var min fars gitar




Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn