Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 47 48 49 50 51 52 53 >>
 
Vold-bokaPosta av Ole Karlsen  21/03-11  22:08
Hei,
ser frå sida di at du har fått boka. Bra.


Posta av Helge    22/03-11  10:02
Takk. Og ja - eg publiserte bidraget mitt på nettet. Håper det var greit. Boka, som de skaffa stoff til og redigerte, blei iallfall nemnd. Hovedsida ved denne boka er vel (utan å overdrive) forsking. Og forsking treng oftast meir merksemd enn forskinga kan og vil få.


Posta av Helge    27/03-11  13:23
Litt meir til deg, Ole:
(du har fått i stand fleire forskingsseminar om Jan Erik vold)


Etter diktarjubileum og bokutgjevingar byrjar forskinga i Norden å bli saman om å trenge inn i fenomenet Jan Erik Vold. Grunnen til at inntrenginga går noko seint, er nok ikkje vond vilje, men at dei vanlegaste forskingsmetodane i dagens litteraturkunnskap ikkje svarer til Vold som forskingsobjekt og at mange andre fagfelt enn litteraturvitskap er like så relevante - .

Om hovudsakleg den danske historievarianten: Vold er «tredje fase modernisme».
Denne termen er ikkje dårleg, i og med at ingen annan forfatter i Noreg passar så godt til (eller omsluttar) definisjonen på tredje fase modernisme som nettopp Jan Erik Vold. Men Noregs litteratur følgde ikkje så nøye denne fasen. Louise Møgster har ein interessant og god artikkel om fenomenet Vold i Volds linjer. Men: «Den glade modernisme» er likevel ikkje heilt god tittel meint på Volds heile 1960-tal eller generelt på Vold (sjølv om tittelen er meir morosam enn «tredje fase osv»).

Da eg fekk spørsmål om å ta for meg Vold, tykte eg at eg måtte snakke om og skrive om Jan Erik Vold som avantgardist. For ingen annan norsk forfattar passar så godt til definisjonen på avantgardisme. Spesielt om vi tenkjer på volum i verksemda og når vi også tar alvorleg Volds 1990-tals dikting (med politikken), så blir all avantgardismen hos forfattaren påtrengjande.

Artikkelen min i Volds linjer er ikkje først og fremst lesing av eit enkeltverk som Mor Godhjerta, men heller ein artikkel om avantgardismen i Noreg - ved kjende Vold-verk, og spesielt ved eit verk som ikkje er lese som avantgardisme før... I Mor Godhjerta, slik som i andre av Volds verk på 1960-talet, er det Vold som innfører heilt nye ting i norsk litteratur, tinga er direkte nye for Noreg, sjølv om utlandet har vore der før, eksempelvis ved Appolinaire, John Cage, Öyvind Fahlström eller Klaus Rifbjerg osv. Det er noko heilt anna å gjere figurdikt, datamskindikt, det nyenkle og jazz & poetry for kongeriket Noreg enn i føregangslanda.



Posta av Helge    30/03-11  17:56
Her fann eg - elles - lenke til ein svært nøgd Knut Hoem i Nrk si lesing av Volds linjer. («Begeistring» henta frå Kulturnytt 28.mars.)


Posta av Helge    25/05-11  20:18
Unipub's samling av meldingar:

Her er Forlaget Unipub' samla meldingar av Volds linjer så langt - . Det er Vårt Land, Dag og Tid og NRK. I P2 er eit intervju, står det. Eg veit ikkje om forlaget trefte heilt med teknikken, t.d. kopien frå Vårt Land.



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn