Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 46 47 48 49 50 51 52 >>
 
Litterært lånPosta av Helge    06/04-11  11:23
For å kunne heidre Wenche Foss måtte eg låne eit dikt av Stein Mehren frå 2007, Bak scenen . (Elles laga eg også ein Nytt-notis med sitering av dikt som var særs viktige for Wenche Foss.)

Lån? Det eine lånet er det andre verdt. Nest siste dikt i Stein Mehren si 2007-bok heiter Selvangivelse. For meg var dette diktet spesielt artig å lese, sidan det første avsnittet av diktet lyder slik:
Stadig møter jeg mennesker som spør om jeg virkelig er ham, dikteren: Virkelig og virkelig, kan jeg høre meg selv svare, det er ofte jeg bare later som jeg er ham. For det er så slitsomt å være noen i seg selv og dertil være en person til, i andre forventninger. Derfor eg jeg ham bare noen få dager i året og ofte ikke en hel dag engang. Resten av tiden jeg hans representant, en agent, en utsending som fremlegger hans liv og dikt så godt jeg kan.
(...)

Takk skal du ha. Fordi hos meg heiter det inne i boka Poesi:


Det er så anstrengende å være Helge Rykkja at jeg er det bare én gang i året.

Dette som altså eg er såpass kortfatta om i opninga av forfattarskapen (som ung person), dette er Stein Mehren meir utfyllande om - som forfattar av nærmare seksti bøker. Humoren er vel stort sett av same slag i dei to forsøka, i 1967 og i 2007... Og da må det vel vere noko i det - ?

For meg er temaet i slekt med også Mehrens portrett av skodespelaren Wenche Foss. Men det blei sagt av mange ved hennar bortgang at ho var eineståande til å bruke av seg sjølv og stå fram som seg sjølv. Dette hos henne fekk ho god trening i! Og eksemplet Wenche Foss hjelpte mange.


Posta av Helge    06/04-11  18:21
Ikkje noko tilfeldig var det. I «Skisser til en roman jeg aldri vil skrive» noterte Stein Mehren i rapportboka frå seminaret på Flisa (2004):
«Jeg beklager at jeg i min forrige bok ikke fekk beskrevet himmelen tilstrekkelig,» skrev Helge Rykkja. Jeg kunne mange av hans enlinjer-vers utenat. De var vakre og rare(...)

Posta av Helge    09/04-11  18:29
Å låne litterært skjer på mange vis. Her vil eg inn på fleire kjende skodespelarar. Og denne gongen, i dag, var det Kragerø Blad Vestmar som - i si nye spalte «Lokal lyrikk» - lånte eit dikt frå meg, og no frå boka Slutningar til knes, side 50:



å trakte etter vennskap


Meryl Streep fridde til meg. Eg svarte: «Vil gjerne vere vennen din, kan det halde for deg?» Og kanskje forklåre det meir?

dessutan ho som spelte Erin Brockovich. Det same med dei andre talentfulle stjernene som prøvde seg på meg - og stod der. Også Nicole Kidman tenkte på det, faktisk, dei må berre fri, men vennskap byr eg


Posta av Helge    16/04-11  10:39
Tilbake til Stein Mehren:

På seminaret for Mehren, der eg var tilhøyrar, presiserte han eit tilhøve som var viktig for han. Politisk var han på linje med AKP i 70-åra, ingen måtte tru noko anna, men filosofisk og litterært var han ein heilt annan plass (forsto eg han). Dette nærmast kauka han utover forsamlinga.


Seinare: Da Stein Mehren fekk tilbod om St. Olavs Orden, så takka han nei til ordenen. Dette avslaget hans gledde meg, for ein kunstnar bør vere fri ein slik orden. Dette var så seint som i 2005.


Posta av Helge    25/04-11  17:43
På slutten av Ole Karlsens introduksjon i Stein Mehren-rapportboka, som Karlsen redigerte i 2004, skriv han følgjande:
«(...) I denne bokens første del framgår det at Stein Mehren satte pris på Helge Rykkjas vakre en-versinger på 60-tallet. Om Helge Rykkja leste Mehren åpent eller i smug på 60-tallet og 70-tallet vet vi ikke. Men kanskje er Rykkjas hilsningsdikt, Poeten Mehren, som avslutter denne boken uttrykk både for en stor respekt som har vært der hele tiden og at gamle motsetninger er forsonet?»

Ein kan jo spørje. Iallfall snakka Stein Mehren aldri eit negativt ord om meg eller dikta mine. Det har eg alltid visst. Sånn rundt 1968, da eg bl.a blei lesen på Stortinget av Jon Leirfall, som kritiserte innkjøps-ordninga og venstre-orienterte, skreiv Mehren om, og roste, ein-versingane mine - i artikkelform, det må ha vore anten i Aftenposten eller i Dagbladet som dette skjedde. Mehren nemnde til dømes (hugsar eg) denne:


Jeg tror ikke noen for alvor liker å sykle.



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn