Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 44 45 46 47 48 49 50 >>
 
Dikt om Vladimir Iljich LeninPosta av aleksandra kryukova  10/04-11  16:25
Hei!
Jeg lurte på om det fins oversettelse av Majakovskij's dikt til Lenin, som begynner slik: xxx [HR: Orsak, eg måtte slette alle dei russiske bokstavane i diktet, heile diktet, sidan dei dessverre blir ei eng av «spam» i dataprogrammet her for nettstaden. HR]

Aleksandra
PS. er det kun svensk det er oversatt til? ikke norsk?

Posta av Helge    10/04-11  18:48
Takk for spørsmåla dine. Eg veit at Johan Fredrik Grøgaard og Ellinor Kolstad har sett om Majakovskij til norsk, men er usikker på om dette gjeld diktet til Lenin...



Noko om Profil - : I 1969 tok tidsskriftet Profil (nr 2 69) føre seg Majakovskij. Martin Nag, som hadde jobba med sovjetlitteraturen, laga råutkasta, og Hansmagnus Ystgaard som var russisk-kyndig, og eg såg også på dikta. På norsk heitte dei (men dessverre ikkje akkurat det diktet du spurde om):

* Til seg sjøl, sin elskede, dediserer dikteren disse linjene.
* Om dritten
* Jeg elsker
* Hjem!
* Samfunnsstøttene
* Av full hals

Så her er eit avsnitt nærmare slutten av diktet HJEM! (dikta hans er, som du veit, relativt lange):

(...)

Jeg vil
at arbeidet mitt
står under debatt,

og at en komité
gir oppgaver
for et år av gangen.

Jeg vil
ha en kvalifisert
kommisær

som kontrollerer
hvem
og hva jeg er.

Jeg,
som er så ærlig
og så het,

må ha god betaling
som ekspert i kjærlighet.

Jeg ønsker,
når arbeidet er slutt,
at bedriftsrådet

stenger munnen min
med hengelås.

(...)


(Hos Majakovskij er versa bygd opp som trappesteg, oftast tre og tre. Denne typografiske teknikken får eg ikkje fram, dessverre, med programmet for denne nettstaden...)


Posta av Helge    18/04-11  10:39
Ja, eg trur nok du veit det, og kanskje skal dra dit, men det vil vere mange spennande «Russlandsdagar» 26. - 30. april på Litteraturhuset, inkludert eit arrangement om Majakovskij. Dette skjer i Oslo.


Posta av Helge    04/06-11  12:22
Iallfall har Aschehoug no gjeve ut eit par av langdikta til Majakovskij i norsk omsetjing. Eg bad om at forlaget sende dette nye til meg Og medan eg var bortreist ei veke, så låg bøkene i postkassa mi. Majakovskij-titlane Mennesket og Om dette i same utgjevne band, gjendikta av Audun Mørch. Og på innbretten står nemnd ei rekkje av Majakovskijs fremste poem eller langdikt:


En sky i bukser

Ryggradsfløyten

Krig og fred

Mennesket

150 000 000

Om dette

Vladimir Ilitsj Lenin!

Av full strupe



Posta av Helge    10/06-11  14:19
På svensk er Majakovskij kjend og populær. Og her (i 2007) brukte eg eit Majakovskij-dikt om ein hest , omsett til svensk av Annika Bäckström.


Ps 11/6-11:
No har eg lagt ut Audun J. Mørchs nye omsetjing av langdiktet Mennesket . NB lagt ut berre opptakten, starten på langdiktet.



Posta av Helge    26/12-11  10:35
På tilfeldig vis fann eg ut av spørsmålet om Majakovskijs store Lenin-dikt på norsk. For eg las nyleg ein kommentar-artikkel av Jan Erik Vold, som minte om skjebnen til Pax forlags etablerte lyrikkserie frå 1968. Vi snakkar om Dag og Tid sitt siste nummer, 23 desember. Der minner Jan Erik Vold om at Pax gav ut diktet i 1973, i Ellinor Kolstads og Jan Fredrik Grøgaards omsetjing. Ring til dei. (Eg skulle gjerne hatt/ sett Majakovskijs dikt sjølv.)


Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn