Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 43 44 45 46 47 48 49 >>
 
Lansering barnediktPosta av Helge    30/04-11  14:18
No er eg med på ei lansering: Ny diktbok fra Mangschou. Illustrerte barnedikt. 16 forfattarar. Slik er faktaopplysningane på nettet:
I disse dager kommer den nye diktboken SØLVBÅT OG STJERNEVIND fra trykken. Boken er designet av Elisabeth Moseng. Utgitt på Mangschou forlag.

Boken er illustrert av Inger Lise Belsvik, Øyvind Torseter, Harald Nordberg, Akin Düzakin og Hilde Kramer.

Forfattere er Cathrine Grøndahl, Kjartan Hatløy, Hilde Myklebust, Ingrid Storholmen, Helge Rykkja, Sigurd Helseth, Knut Ødegård, Mona Høvring, Anne Karin Fonneland, Jo Eggen, Hanne Bramness, Arne Ruste, Torgeir Rebolledo Pedersen, Hildegunn Dale, Terje Dragseth og Anne Bøe.

Passer for barn mellom 3 - 10 år. Boka vokser med barnet.

Posta av Helge    04/05-11  17:48
Den nye barnediktboka kom meg så i hende i dag pr post-i-butikk. (Ganske tung pakke sidan det var to eksemplar frå forlaget i pakka.)

Altså SØLVBÅT OG STJERNEVIND. Med smart undertittel: «Den nye barnediktboka». Blei omfangsrik, med ganske mange dikt og illustrasjonar. Eg figurierte under dekknamnet Helga Rykkja. Dette namnet lyste i botnlinja på sidene frå side 54 til side 63. Det var langt ifrå mykje trykkleif å møte i boka, så eg tar namnet Helga som eit dekknamn frå forlaget - . (Elles er «Helga» hint frå ei tante, som eg jo blei oppkalt etter og som også var fadder den gongen. Men ho lever ikkje, trass i seig høg alder, no.)

Bak i boka blir alle forfattarane og dei fem illustratørane presenterte. Og der blir eg greit introdusert av redaktørane Kaldestad og Bramnes med orda (og eg liker godt ordet «fornyar» og utrykket «lekende i utrykket»):

Helge Rykkja (1943-) har utgitt en rekke diktsamlinger. Han var en fornyer i norsk poesi på 1960-tallet, da han også var med i redaksjonen av tidsskriftet Profil. Diktene hans er gjerne lekende i uttrykket og viser hvordan politikken griper inn i våre liv.


Posta av Helge    05/05-11  17:27
Hilde Kramer, ein av bokillustratørane for SØLVBÅT OG STJERNEVIND, har ein instruktiv nettstad. Der skriv ho om boka og om korleis ho tolkar dikta - . Dette ser du nedover denne lenka .



Posta av Helge    10/05-11  12:38
Boklansering blir aller først i Bergen, 12. mai. Litteraturhuset kl 11.


Posta av Helge    21/05-11  17:50
No ser eg frå pressa at også skoleelevar blei inviterte til boklanseringa som var, og at dette fall heldig ut. Eg foreslo nett dette trekket for forlaget, som altså vende seg til Apeltun skole. Eg var ikkje sjølv i Bergen. Her er iallfall Byavisen 18. mai med noko om lanseringa .


*

Eit av dikta mine i boka heiter Gutar og jenter, og det er slik:


To jenter. Tre gutar.
Tre jenter. Ein gut.
Ei jente. Tre gutar.
To gutar. To jenter.



På heile neste side i barneboka (side 61) har Øyvind Torseter laga eit bilete som kommenterer diktet. Det er eit tur-bilete, motivet: nesten til fjells med (la oss seie) tre tiåringar, ei jente og to gutar. Interessant å sjå korleis kunstnaren vel å tolke diktet, som legg opp til tolking.

I natt kom eg til å tenkje på at søskena mine og eg vi var nett ei jente og to gutar. Rart å finne ein identisk matematikk i Torseter sitt tolkande bilete.



Posta av Helge    04/06-11  12:05
I dag hadde den nye barnediktboka funne vegen til Kragerø Blad Vestmars redaksjon, og avisa hadde vald ut eit dikt som dei trykte, «Papirdokka», det siste av mine åtte. Det er alltid ei tilbakemelding i å sjå kva for eit dikt som ein avisredaksjon, i dette høve den lokale avisa, vel ut for å presentere diktbok...


Ps 18/6:
Og i dag - etter 14 dagar - hadde lokalavisa Kragerø Blad Vestmar trykt enda eit dikt av meg frå Sølvbåt og stjernevind. Det var diktet Plastikktrumpet. Bra saker for meg.


Posta av Helge    09/06-11  18:20
I Dagbladet har Maya Troberg Djuve ei melding - «Hvorfor nøye seg med Prøysen og Hagerup?» - av 2 bøker med barnedikt, den eine er Ingvild Rishøis og den andre er da Sølvbåt og stjernevind .

Sjølv har eg fått førespurnad frå ei fylkesavis om intervju i samband med sistnemnde barnebok som eg er med i.

Og her er også Geir Vestads enkle og greie melding av boka i Hamar Arbeiderblad 8. juni . Det tar si tid å få meldingane i gang for media - . Det er ei stor og rik bok. Men boka vil nok leve framover. Og ta seg opp. Det trur eg.


Posta av Helge    17/06-11  15:33
Meir: I dag blir ein av redaktørane, Per Olav Kaldestad, intervjua av avisa Dag og Tid om Sølvbåt og stjernevind, om kva som var baktanken og målsetjinga til redaktørane.

Avisa Varden (i Telemark) har eit personleg intervju med meg i dag om bidraga mine og situasjonen min som forfattar no for tida. Intervjuar er Aslak Thorsen. Avisa trykkjer to av dikta, to av dei korte, det er «Sære surre bissevov» (Thorsen har hund som han er glad i), og det er «Båten gyngar med oss om bord» (Thorsen har vore mangeårig båt/seglelærar på leirskolen i Kragerø). Desse to intervjua nemnd her finst visst ikkje på nettet, iallfall ikkje enno.

Aslak Thorsen siterte også det korte diktet «Katta i kjerra»:


Katta i kjerra sette seg på merra
og reid over elva.


Og «Båten gyngar med oss om bord» er slik:


Båten gyngar med oss om bord.
Flyet svingar i himmelen.

Eg er liten som bilen min,
og får det fint når du kjem inn.


Posta av Helge    09/07-11  17:41
Kragerø Blad Vestmar må like barnedikta mine. For i dag har avisa trykt enda eit dikt frå den nye boka SØLVBÅT OG STJERNEVIND, nemleg diktet «Først kom det dråpar» - . Så no har dei lokale avisene etter eige initiativ trykt til saman fem dikt av meg frå den nye og store barnediktboka.



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn