Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 42 43 44 45 46 47 48 >>
 
Vise- og poesifestivalPosta av Helge    10/05-11  14:06
Skåtøy vise- og poesifestival skal eg delta i år, den avsluttande laurdagen - . Festivalen varer frå 12. til 16. juli. Her er programmet for heile veka. Eg kjem kl 18.30 laurdag.

I tillegg til mi eiga avdeling så har eg - i teltet - fått i oppgåve å introdusere den svenske Tom Waits-gruppa, eventuelt i diktform, dersom eg ønsker det. Denne gruppa har forresten det lange namnet Bad Liver och Hans Brustna Hjärtan. Sjå mot botnen på denne lenka .


Ps 5/6:
På scenen skal eg også introdusere Tonje Unstad si avdeling i storteltet. Kragerø Blad kallar noko av det eg skal gjere på festivalen for «stunt».


Posta av Helge    10/05-11  14:25
Eg kjem etter kvart tilbake til vise- og poesifestivalen.

I fjor hadde eg ein aktiv skriveprosess, skreiv tinga artikkel både til Eldrid Lunden OG til Jan Erik Vold. Desse bøkene er komne ut: Poetikk (til Eldrid Lunden) og Volds linjer (om JEV). Artiklane mine ligg ute på herverande nettstad. Dessutan kjem eit større bidrag frå meg i ei bok om avantgarden i Noreg, venteleg skjer det i august.

I fjor skreiv eg også tinga barnedikt, som altså er komne ut nyleg - i antologien Sølvbåt og stjernevind, sjå tilbakemeldinga «Lansering».


Posta av Helge    15/05-11  18:50
Det er ulike meiningar om festivalar. I Sven Kærup Bjørneboes fjerde korte roman med stoff frå Skåtøy, Skjærgårdsbrev - Vår misnøyes sommer, er Kærup Bjørneboe - ifølgje Jimmy Åsen i Kragerø Blad Vestmar - «meget skeptisk til at man vil gjøre Storøy (les Skåtøy) til kulturøy med kulturkafé, kultur-festival, kultursti, kulturkirke (...)»


Ps 18. mai:
Meir: For ei veke sidan skreiv også Oddmund Hagen - i Dag og tid - om Sven Kærup Bjørneboes nye Skjærgårdsbrev (frå Skåtøy) og kallar boka «treffsikker satire». Også filosofifestivalen i Kragerø får sine spark av Kærup Bjørneboe. Her er kva Dagbladet opplyser om forfattaren .


Posta av Helge    12/06-11  21:39
Om Tom Waitsgruppa Bad Liver på Skåtøy-festivalen:
No har eg lagt ut ein av tekstane her : Jag vill aldrig bli stor


Posta av Helge    28/07-11  09:33
Ps ei tid etter festivalen:

Ja, eg las denne teksten - Jag vill aldrig bli stor (sjå over) - føre presentasjonen av Bad Liver. Og elles blei den følgjande konserten med den svenske Tom Waitsgruppa ei stor oppleving for mange, både tekstleg og musikalsk. Dette skreiv også avisene som refererte. Så vi kan alle reklamere for Bad Liver och hans Brustna Hjärtan!

Ein annan artist som gjorde det skarpt på avslutningsdagen av festivalen, var Tonje Undstad, ikkje minst på grunn av mykje humor på scena. Ho gir ut ei barneplate i desse dagar. Sjølvsagt på norsk, liksom dei andre platene hennar.



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn