Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 41 42 43 44 45 46 47 >>
 
Norske verseføtterPosta av ToFi    18/05-11  21:22
Du skriv at du vil ta opp att dette med norske verseføtter. Har du gjort meir på det området, i tillegg til hovudoppgåva?

Posta av Helge    20/05-11  14:38
Hei, eg ser på nettstaden din kor du held deg, Torstein - . Helgeland som alltid, ser eg.

Meir forskararbeid på norske verseføtter? Nei, ikkje enno. Eg har dessverre ikkje fått tatt opp tråden med teori i forskararbeid til kartleggjing av bruken av metrikk. Det går an å love for mykje - .

Det blir med enkeltartiklar over poetar som bruker verseføtter, artiklar som du finn på denne nettstaden, til dømes ein om Inger Christensen eller ein om Helge Stangnes . (Eller om pop/viser og slikt som har metrum.)

Det er sjeldan nokon spør (for å seie det slik). Eg får ikkje nokjo tildriv til forsking, og eg ville ikkje fått «konkurranse» heller. Det hadde vori betre å ha budd ei tid i Danmark (på den måten), der dei har eit meir vidfemnande arbeid i gang med vers.

Men Noreg: Ser ein til dømes på tilboda frå Norsk Forfattarsentrum, forfattarkatalogen ligg på nettet, så er det kun eitt einaste tilbod om vers! Barnelitteratur. Og dette tilbodet kjem frå Knut Nærum . Men han er flink.



Posta av Helge    10/06-11  15:11
For eit par-tre år sidan kom debutanten Ronny Spaans ut med diktboka SVALENE I LISBOA. «Vers og forteljingar». Eg fekk ho først no, via Depotbiblioteket, og har ikkje finlese - . Men Ronny Spaans knyter seg til Retro-rørsla, det vil seie at han forsøksvis bruker ein del eldre gevantar frå det lyriske vokabularet. Og for meg er iallfall det rytmiske og metriske greit brukt, slik som i «Santiago de Escoural» (side 15) her:

(...)

Eg er misunneleg på roa di,
på din attendelena plass ved muren,
breibremma hatt og saueskinnsvest,
din jordrotfeste, aldribrydde stil.

Ditt andlet, di bruna og forgylte hud,
med sorgene forklåra i dei barka fòrene
og visdom blømande i uttrykket
som faste augo liksom katt på lur.

Er det råd å finne større fred,
der svartkledd ved det kvite huset,
den lange ventinga på same vane
som skuggen under tunge eiketre?

(---)


Det metriske greit, som sagt. Her er også dei enkle halvrima di/stil og hud/lur og til slutt fred/eiketre greie nok for meg, i og for seg.

Men det som ofte sviktar hos dei som prøver seg på rimdikt i våre dagar (om rima skulle vere aldri så heile og korrekte og kongruente) så gløymer forfattaren at rimorda ikkje berre blir lyd i god poesi, men også sentrale ord for meininga i dikta. Elles blir resultatet rimeri. Jamfør med meisterskapen til Rudolf Nilsen og den oppgåva du nemner, Torstein «Tofi» Finnbakk: hovudoppgåva «Tofi-debatten og norsk verslære».

Eg utfordrar deg til å få tak i Ronny spaans si bok og sjå om du likar forsøka hans på retro-lyrikk. Går ut frå at du framleis sjølv lagar verseføter og ikkje berre er interessert i den teoretiske sida av problemet.



Posta av Helge    27/09-11  14:50
Ps: Sidan forsommaren har eg skrensa innom Torstein Finnbakks (altså dine) debutdikt frå 1978, dette har skjedd i ein kommentar til den nye norske filmen Sønner av Norge. Les siste halvdel av denne artikkelen .



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn