Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 39 40 41 42 43 44 45 >>
 
Hendingar i siste del av juliPosta av Helge    28/07-11  14:45
Det har vore ein del tilbakemeldingar i det siste. På lokalplan trykte lokalavisa, på eige initiativ, nok eit dikt (det fjerde diktet) av meg frå den nye barnediktboka. Denne gongen var det diktet Sære surre.

Eg har lagt ut nye artiklar jamt, og meldinga mi av Pål Angelskårs diktdebut, den la Helge Torvund ei lenke til, på Diktkammeret . Dette fører - som vanleg er - til at meldinga blir lesen av fleire, og at fleire høyrer om Pål Angelskår sin debut. Frå før har forlaget til Angelskår, Flamme, klipt ein del av meldinga mi til si eiga nettside, saman med utdrag frå andre bokmeldarar.


Posta av Helge    30/07-11  17:16
Den dagen som Dag Solstad fylte 70 år, deltok eg i ein enquete som Bergens Tidende hadde med fire forfattarar, Liv Køltzow, Eldrid Lunden, Paal-Helge Haugen og meg. Utgangspunktet teikna BT på denne måten: «Som ein protest mot tradisjonen med å gi festskrift til gamlingane, laga forfattarvennene eit til Dag Solstad på 30-årsdagen hans i 1971.»

Og dei to spørsmåla frå BT (ved Siri Økland) i enqueten var desse:
1. Kva såg vennene den gongen for seg at forfattarskapen skulle bli?

2. Og kva blei den?



Eg svarte da slik i 2011 (over telefon eit par dagar før):
1) Den gongen såg eg for meg at han skulle fortsetja med 60-talslitteratur. Han var den første som kom med den nyenkle prosaen, der han blanda likt og ulikt og sjangrane var lause. Men seinare same år som festskriftet kom, gav han ut «Arild Asnes, 1970», som var ei heilt anna type bok. Han var tidleg ute der også, og la om stilen til ein gjenkjennelig, realistisk form. I «16/07/41» og «Armand V» synest eg han vender tilbake til 60-talsmontasjen.

2) Forfatterskapen er givande og interessant, også ml-bøkene er det. Den er vel verd å få eit helhetsinntrykk av.



Den same laurdagen, altså den 16. juli, var eg festivalpoet på Skåtøy poesi- og visefestival og hadde ei diktlesing i flukt med Dag Solstads bursdagsfeiring. Dette gjekk bra. Og eg kjem tilbake til opplegget.


Posta av Helge    01/08-11  09:49
Vel. Om opplegget mitt skreiv avisa Varden: «Årets festivalpoet, Kragerøs egen Helge Rykkja, inviterte til Bak Fasaden [= ein »låve«] med underfundige betraktninger rundt 1967 og Profil-kretsen med avantgardistene, løsrevet fra faste normer og likevel litt blyge.(...)» Dessutan synte avisa eit foto med biletteksten «HUMOR: Festival-konferansier Jan-Øyvind Helgesen, festivalpoet Helge Rykkja og nordnorsk visesanger Tonje Unstad var fulle av humor.»

Sjølv hadde eg som mål, med utgangspunkt i 1960-åras nye estetikk og folk som no for tida fylte 70 år - og spesielt Dag Solstad på denne dagen - å gje eit innblikk i montasje-teknikk brukt, eit forsøksvist innblikk via diktopplesing og undervisning. altså ein montasje i seg sjølv. Og det blei humor ut av det.


Ps 27/8 (bursdagen min) 2013:

No kom eg over ei lenke til avisa Varden frå Skåtøyfestivalen .


Posta av Helge    02/08-11  09:58
Dei lokale avisene - . Eg kjem snart tilbake til dei lokale avisene. Først: I slutten av månaden kom det inn ei mengd reklamelenker på «Tilbakemelding». Somme av dykk såg enkelte av dei. Men no har vi funne ein praktisk måte å stoppe dei på. Dette at vi får slikt vås ubede inn, er likevel ei tilbakemelding på at nettstaden har fått eit visst rom og nedslagsfelt etter 7 år - .

Juli er nok ofte ei roleg tid for dikt på nettet, sidan ungdom ikkje er på skole og lærestad, der dei kjem borti dikt - . Derimot har eg som bur midt i ferieparadiset, på denne tida hatt ekstra vitjing langveisfrå og båtturar og bading. Og ferieliv må ein også sjølv unne seg.

Det er berre terroristar som aldri tar ferie.

Ein annan ting som eg vil nemne, er at terroren har gjort at folk har tydd til dikt .


Posta av Helge    04/08-11  10:23
Den andre lokalavisa, Kragerø Blad Vestmar, var opptatt av Dag Solstad, ettersom han har vore fleire gonger i Kragerø dei seinare åra, blant anna i regi av Filosofifestivalen. Ikkje minst festa avisa seg ved følgjande passasje, som eg drog under opplesinga og tidsblikket mitt den 16/7:

Det har seg sånn at jeg var med i et unglitterært tidsskrift, Profil, som ble invitert til den høyverdige Nansenskolen for å legge fram ideer - og gi prøver på ny litteratur. Der gjorde jeg en viss framgang ved å lese fra min debut, m.a lese mitt harepus-dikt liggende på teppet (eller kanskje jeg sto). Neste kveld ville den våkne forsamlinga egentlig høre mer av debutdiktene.

Under det sosiale på kveld 2 konkurrerte jeg med Dag Solstad om den samme jenta. Hun var egentlig jenta til Finn Alnæs, men han var ikke der. Jeg kom til å se på ørene til Dag, og de forekom meg som altfor mørke i nattelyset på grunn av de dype foldene. Derfor brast det ut av meg ordene: Det er ikke noe i veien med ørene mine.

Om natta lå jenta og jeg sammen, hos henne, påkledde, olabukse mot olabukse. Det var vakkert. Dagen etter, eller var det før det, slo det meg at setningen «Det er ikke noe i veien med ørene mine» gjentatt flere ganger - for setningen var jo morsom - hadde en interessant dobbelthet eller flertydighet, som kunne stå som uttrykk for et tydeleg generasjonsskifte etter Gerhardsen-epoken.

Det gikk ikke et helt år - før diktet var trykt i bok og dertil opplest i det norske storting som eksempel på hva slags dikt som den norske staten aldri burde støtte. Akkurat dette var ikke bra, men heller ikke forbundet med stor skam hos meg.

Skammen knytta seg til at jeg ikke kunne fortelle, syntes jeg, hvordan diktet egentlig ble til. Jeg pleier ellers ikke bry meg (verken da eller nå) om hvordan ørene til folk er skapt, jeg fanger mer opp hvordan mennesker kaster blikket eller hvordan mennesker gestikulerer med hendene.


Blant anna las eg dikt frå 2006-boka mi, som var til/om profilistar som Jan Erik Vold og Eldrid Lunden. Begge dei to har nettopp passert dei 70. Det til/om Jan Erik Vold - også han har vore ei rekkje gonger på scenen i Kragerø i det siste - heiter «Sterke kvinner rundt domkyrkjeruinane». Om dette diktet skreiv Kragerø Blad Vestmar: «Diktet Sterke kvinner rundt domkirkeruinene var det mange som som humret seg godt over.»


Posta av Helge    05/08-11  09:59
Den siste veka av juli blei for alle prega av terroråtaka og av blometog og tanke på ungdommane (frå Kragerø) som var på Utøya.

Da veret slo over til varmt ved Oslofjorden, flytta mange av oss som bur nær sjøen, ut på holmar for timar, og bada der og blei solbrune, ofte saman med nær familie.


Posta av Helge    05/08-11  10:26
Eg hadde fleire oppgåver på Skåtøy poesi- og visefestival. Før den svenske Tom Waits-gruppa skulle i elden i storteltet, las eg enkelt den svenske teksten «Jag vill aldrig bli stor», berre som ein introduksjon til svenskane, noko gjestene sette pris på (og gav uttrykk for på scenen). Her er teksten .

Meir stoff om heile vise- og poesifestivalen finst frå og med første tilbakemelding om festivalen 10. mai - .



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn