Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 38 39 40 41 42 43 44 >>
 
AllkunnePosta av Helge    18/11-11  11:53
I Allkunne, nynorsk oppslagsverk under utvikling, finst dette under oppslagsorda Helge Rykkja .
Allkunne dreier seg om «nynorsk kulturhistorie» på nettet.

Frå før har dette stått på nettet i Store norske leksikon .


Posta av Helge    19/11-11  15:09
På nettstaden min er det alltid somme tema & søkeord som kjem igjen og igjen. Og dei reflekterer nok lista over det som folk er ute etter når dei tar nettet til hjelp som ein reiskap til å finne stoff og formuleringar.

Ofte knyttar folk dikt anten til forfattar, til dikttema eller til dikttittel. Eg har fått eit breitt utval av dette etter 118 artiklar, mange av dei bokmeldingar, og i tillegg 525 Nytt-notisar, ein god del av også dei er artiklar. Den siste månaden har desse fem treff-områda på nettstaden toppa lista:

Vennedikt, vennskap, dikt om venner.

(Spesielt no om dagen:) Juledikt, jul i skogen, dikt om jul

Jan Erik Vold, ta vare (på), Funny, pluss ulike andre Vold-dikt

Erik Bye, Vår Herres klinkekule (meir og meir)

Jon Hjørnevik, Hjørnevik, shortsen til far min, Voss

Andre tema som held stand i det lengre løp, er: Tor Jonsson, Bjørnstjerne Bjørnsons dikt, dikt om fred, Arild Nyquist.



Ps 21/11.
Ikkje for det, dagstøtt og alltid innom nettstaden med treff det er ei gruppe med (slike treff som):
Helge Stangnes (Lys langs ein fjord), Alf Prøysen, Inger Hagerup, Edith Sôdergran (Dagen svalnar), Georg Johannesen, Marie Takvam, dikt om dans, Karin Boye, Tarjei Vesaas (Regn i Hiroshima).

Det skiftar elles kva som er i fokus på nettet, etter utgjeving og etter årstid/ naturen. Og om det blir lagt ut nye lenker til nettstaden min. For få dagar sidan var 20 unike PC-ar inne på Nytt-artikkelen om «Vår Herres klinkekule». I ein eller annan samanheng. Og i dag er det diktet «Ei kvinne» av Marie Takvam som er i skotet.



Posta av Helge    24/11-11  12:34
I dag yrar vitjingane inn på nettstaden min. Dette skjer på grunn av ei tilråding som Helge Torvund har gjort på Dagbladet sitt diktforum .

På grunn av dette tipset så måtte eg lese spalta mi Nye dikt om att, etter at eg ikkje har vore der på ei stund. Det var interessant for meg å sjå (igjen).

Etter kvart var førti stk inne på nettstaden min gjennom lenkene til Torvund, og over halvparten las frå 4 til 18 sider. Viste teljeapparatet på sidene. Det tykkjer eg er solid. Altså takka vere Helge Torvund og jobben hans med avis.


Posta av Helge    27/11-11  17:34
Over til iranske dikt på tilråding - . Ei ny lenke blei lagt ut som førte til hyppig vitjing på nettstaden min i dag, det var ei lenke frå facebook no , og denne gongen til artikkelen om journalisten og poeten Asieh Amini si ferske bok .

(Kven som gjorde det og i kva samanheng, veit eg lite om, sidan eg ikkje er på facebook.)


Posta av Helge    02/12-11  10:10
Vinteren i fjor var snøvinter, i år har vi vindvinter. Kva som er symbolikken i dette er ikkje godt å seie. Men det er ikkje verre vind enn at vi innimellom kan ta snekka ut til Tåtøy og leggje ut julepynt der, også der. På nettstaden ausar det på med spørsmål etter juledikt; og for dikta si skyld skulle ein tenkje: Godt at iallfall juledikt er sett opp på programmet. I alle fall er det dikt det blir spurt etter!


Posta av Helge    07/12-11  09:08
Ja, vind (i morgon blir det sterk kuling). Vore ein periode no med:
Låg sol og springflo - .
Artikkelen min om den norsk-iranske poeten Asieh Amini har fått ei lenke på Facebook, som sagt. (Nokon har lagt ei lenke.) Og dermed blitt mykje meir (og dertil langvarig) lesen.


I går var vi på pensjonistdelen av Utdanningsforbudet sitt julebord. Og derifrå fekk eg med meg ein godbit som Trygve Hoff sin nordnorske julesalme. Nett komen ut på enda ei ny plate, fekk vi høyre. Og teksten på denne låten skal eg vite å leggje ut som Nyttspalte. Svært mange på nettet søkjer som kjent på juledikt no i november/ desember. Slik er det.


Ps 14/12: Her er da lenke til utlagt tekst på Nordnorsk julesalme .


Posta av Helge    14/12-11  13:41
Enda ein artikkel på facebook

Også artikkelen om Per Kristian Canis diktbok er lagt ut lenke til på Facebook, ser eg. Dermed kjem det mange treff inn på nettstaden i dag pga boka Atlas, av Cani.


Og ps 15/12-2011: I dag er det artikkelen min der Gro Dahle og Arild Nyquist spelar hovudrollene, som blir særleg søkte med lenker . Diktet «Nå er det jul igjen» seglar opp i desember noko inni hampen, det er eit svært godt dikt i skildringa av nordmenn og blitt eit sentralt dikt for nordmenn. Også det diktet etter 22. juli.


Nok eit ps, dato 30/12: På slutten av månaden haglar det inn med søk på «godt nytt år», og dette er ikkje uventa! For folk bruker poesi på den måten, altså brukt til særskilte høve som krev ord om ord...



Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn