Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 37 38 39 40 41 42 43 >>
 
... er i svært godt selskapPosta av Helge    19/12-11  18:50
«Helge Rykkja er i svært godt selskap», skriv Kragerø Blad Vestmar 13/12 og bruker dermed ei vinkling som er god og vanleg i lokalaviser.


Posta av Helge    20/12-11  10:57
Dette med at «Helge Rykkja er i godt selskap», det takkar eg lokalavisa og meg sjølv for. Samtidig nyttar eg høvet denne milde vinterdagen i år til å ønske lesarane av nettstaden

God jul!

med ei lenke til nokre artige for høvet passande latviske kortdikt .


Posta av Helge    22/12-11  13:33
Sola har snudd - . Og Ivar Orvedal, som rustar meg med tips og pressemeldingar, kjennest av meg som ei slags forbundsfelle i alternativt kulturarbeid og alternativ kulturhorisont. Både han og eg likar nye overgangar i kulturen, og vi likar det som ligg imellom kunstartane, imellom i det heile tatt.


Posta av Helge    26/12-11  17:42
Enda i dag stod alle løktene på gravene og lyste. På julekvelden og dei nærmaste dagane var dei lokale gravene eit lyshav med sine ei eller fleire løkter pr grav. Har vi sett så mykje merksemd og markering før? Eg trur ikkje det. Det at dei mange som er døde, både unge og eldre døde, blir hugsa, det er vel allment kjend og påakta, men at alle, alle saman også blir respekterte og markerte, det visste vi vel ikkje alle?

Og dette er vel også eit svært godt selskap? Det kjennest slik.


Ps 31/12:
Når vi passerte kyrkjegarden i går og kasta eit blikk innover gravene, såg vi at lyktetenninga var i full gang igjen, det blir nok eit nytt hav av lys også denne helga, noko som forsterkar kjensla av samhug med alle dei døde...

Kor har eg møtt eit slikt «hav» før? Vi har møtt eit slikt «hav» framføre domkyrkja i Oslo i veka etter 22. juli, eit blome- og inskripsjonshav. Og ikkje berre der - .


Posta av Helge    01/01-12  11:18
Gårsdagen var ein stor dag for diktsøk, faktisk opp imot «alltime best» vitjing her på nettstaden, rett og slett pga nyttårskvelden. Av dei som søkte på dikt og nytt år og likn. på nettet i går kveld, var 175 inne på nettstaden min, registrerte «teljeapparatet».

Også i går hadde lokalavisa Kragerø Blad Vestmar, på eige positive initiativ, trykt opp Eldrid Lunden-diktet mitt. Og eg fekk tilbakemelding frå andre på at diktet gjorde inntrykk.

Her er diktet, som er frå bok i 2006 og blei trykt på nytt i bok frå i fjor haust - .




Lunden med årsmøtesak der eg opponerer



ikkje faen om du er! Du var ein av gutane
Også vi gutane hadde vårt og var ikkje alle like
Du var hard på same måte og morosam som nokon
og vil alltid vere det, det ser vi jo
vi kan tøyse til vi dør
og likevel vil folk forstå oss og sjå etter oss
vår måte å slåst på utanfor bokseringen
Andre kan forsnakke seg og snakke for seg
men når eg er saman med deg, det er når som helst, er eg saman med
ein av gutane, sjølv om du er kvinne og alt det der




Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn