Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 36 37 38 39 40 41 42 >>
 
Nettstaden på Facebook?Posta av Helge    08/01-12  15:15
Nokon på Facebook har lagt ut lenke til ein artikkel av meg, igjen, denne gongen til artikkelen min om Jon Hjørnevik, eit populært tema. Følgen er eit ras med vitjingar inn på nettstaden min i dag. Dette har eg ingen ting i mot. Her er artikkelen om Hjørnevik .

Men verken sjølve nettstaden eller eg er på Facebook. Det vil seie at den som har lagt inn ein slags Facebook-profil på mitt namn, med lånte opplysningar frå ein engelsk wikipedia-artikkel, ikkje har gjort det på oppdrag frå meg. Det er også misvisande at ein kan nå meg over Facebook, slik det blir lova (såg det ut for). Ein må derimot gå inn på «Tilbakemelding» på nettstaden (på helgerykkja.com).

Elles ønsker eg alle godt nytt år!


Posta av Helge    09/01-12  16:52
Kva er grunnane til at eg ikkje er på dei mest brukte sosiale media? Grunnane til at eg ikkje skal på Facebook eller Twitter, det er at eg ikkje vil kjenne meg forplikta på slike sosiale media til å svare for ovmange oppmodingar! Og dessutan reddast eg for å bli fanga opp altfor mykje av skjerm og skrift; for slik eg kjenner meg sjølv, vil det vere ein stor fåre for akkurat det.

Eg skriv heller julekorta på vanleg tradisjonelt vis eller bruker «brevforma» via epost. Alle slike brevkontaktar kan eg ha meir oversikt over og eigenkontroll med. Eg kan til dels forstå folk i store byar sine ulike behov. Men for meg er det stadig (i livet mitt) slik, at det nære miljøet som eg får i ein mindre by/ kommune med mange slags fungerande fysiske møteplassar, er eit viktig miljø i tillegg til «brevet».


Posta av Helge    16/01-12  10:07
Pr i dag har eg omtalt omtrent 26 av dei nye diktbøkene i 2011. (Før blei diktbøkene kalt diktsamlingar, men dette siste namnet byrjar å bli litt misvisande namn , på fleire av utgjevingane no for tida, og godt er det. Eg tenkjer på dei konseptuelle diktbøkene, med delar skrivne i rekkjefølgje.)

Dei mest lesne av omtalene mine (Artiklar oftast eller Nytt) er vel ofte dei som har fått lenke på Facebook av ein eller annan person på Facebook. Dette gjeld (20/10) Per Kristian Cani si bok Atlas, det gjeld (9/11) Asieh Amini si Kom ikke til mine drømmer med gevær!, og det gjeld (29/11) humoristen og poeten Jon Hjørnevik si Flukta frå rekkehuset, slik eg hugsar lenkene i augneblinken.

Også Helge Torvund sine lenker på diktsidene i Dagbladet har spelt ei rolle slik, til dømes ved (3/7) Pål Angelskårs I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie.


Posta av Helge    16/01-12  18:07
Her er lenker til alle dei ca 26 omtalene av fjoråret sine utgjevne diktbøker .


Posta av Helge    23/01-12  15:44
Etterspørsel: I dag er det artikkelen min Jan Erik Vold og Jan Erik Vold , frå seminaret i 2000, som gjev svar på ei rekkje nettsøk etter diktet funny av JEV og tillegg av ordet «analyse». Der verkar det som arbeid med pensum i ein skoleklasse, kanskje.


Posta av Helge    24/01-12  18:43
Kva skjer med varmegradane i vinterhavet? I det siste har den kraftige vinden - lenge i vinter - roa seg, og da plar det kunne leggje seg sjøis når berre minusgradene i lufta er til stades. Men her i landsdelen mot sør ligg snø og is dekkjande på land, og himmelen er blitt klår og fin; og likevel er sjøvatnet oljeaktig blankt, utan den minste slush eller tynn is. Det har kanskje noko med havstraumane å gjere, eller med vinden frå nord-nordaust? For vatnet verkar likevel varmare no enn da den store vindperioden var, og da det kunne vere tiltagande slush og isleggjing i viker her og der... Men for all del: Dette gjer ingen ting. Da kan vi framleis bruke eigen båt, også i januar og i februar.


No etter at skolane er vel i gang igjen etter jul og nyttår, ser det ut som om pensumlitteraturen kjem i forsetet på nettstaden. I dag søker folk etter pensumtekstar av Jan Erik Vold, av Dag Solstad, av Rolf Jacobsen, Ruth Lillegraven og Georg Johannesen. Og søke-stikkord som «analyse» og «tolkning» er ofte framme. Er dette noko skoleungdomen likar? Og er dette god litteraturteori?


Ps 26/1-2012: Lenke lagt ut til megDiktkammeret i Dagbladet, for eit par dagar sidan av «Panina».


Posta av Helge    29/01-12  18:25
Og framhald på Diktkammeret:

Ei ny lenke i Dagbladet (frå Helge Torvund) til samlinga mi av nyare bokomtaler festar seg - på grunn av eit par innsendarar - ved Ann Kavli og Lars Amund Vaage sine ferske diktbøker.


Her er det som eg skreiv om Ann Kavlis Ut av juli . Forlaget har brukt det nest siste avsnittet i si marknadsføring av boka på nettet, pluss lagt lenke til heile omtalen av boka.

Heile omtalen av boka - det er profesjonelt - .


Posta av Helge    06/02-12  14:57
Lenka med liste over omtaler av diktbøker spreier seg vidare, t.d til ein interessant scoop.it . Der var mange gode lenker vidare, og eg fann ein engelsk omtale av Wislawa Szymborska, som eg brukte til Nytt.


Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn