Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Tilbakemeldingartilbake    << 24 25 26 27 28 29 30 >>
 
Kva er poesi? (3)Posta av Helge    14/01-13  11:12
Medan eg eg har følgd med på teljeapparatet til denne nettstaden dei siste vekene, har ein ting forbausa meg; nei ikkje alle søka/treffa på «juledikt» rundt julehelga - og heller ikkje tilsvarande søk/treff på ordet «nyttårsdikt» ved nyttårshelga. For nett slike søk & treff er jo det vanlege å få... Folk treng dikt til visse tradisjonelle, tilbakevendande høve! Nei, det som har vore påfallande, er alle vitjingane fleire veker på tilbakemeldings-spalta i 2007! Nemleg den 24/3-07 og den 15/4-07, med tittelen Kva er poesi? Eg har lurt på det, men ikkje funne ei spesiell lenke som nokon har lagt ut på sentral stad; for det må det vere, eg kan ikkje forstå anna. Eg kunne ikkje få googla inn denne lenka. Kan ein eller annan hjelpe meg med å finne svaret?

Det er jo positivt at ei slik tilråding som å lese Kva er poesi?, for ho må jo finnast, har vore så godt og langvarig følgd på nettet.


Posta av Helge    17/01-13  09:46
Hei! Eg har ikkje fått noko svar enno, men lurt på om ikkje du, Helge Torvund, har noko å fortelje meg, sidan spaltetittelen «Kva er poesi?» tok utgangspunkt i verdas poesidag (som var, dato, 21. mars, i 2007), og verdas poesidag var ei markering som Dagbladet, ved deg, hadde ordna utførleg på dagen den gongen i 2007.


Ein annan ting er at: eg har forresten sitert og kommentert di entusiastiske Dagblad-oppsummering av poesiåret 2012, her.


Posta av Helge    19/01-13  18:51
I vinterNoreg er det somme som håvar inn gryn medan andre betaler dyrt for dette. Hos selskapet Norges Energi, som baserer seg på spotpris innkjøpt i marknaden og som leverer vidare til oss i stigande pris utover hausten og vinteren, frå 27,89 øre pr kWh stigi til 34,65 øre, vidare til 36,25 øre seks dagar etterpå, dette fortell ein faktura-informasjon, og så enda vidare opp til 38,29 øre berre ei lita veke etterpå (19.desember). Dette er pris pr kilowatt-time på eit forbruk som stig dramatisk i streng vinterkulde. Og den same sterke utviklinga har nettleiga som kjem utanpå og som også er rekna pr brukt kilowatt-time og til eit meir fast og dyrt 43,23 øre pr kWh. Nettleiga vår blir derimot betalt Kragerø Energi, som framleis eig det lokale straumnettet, rekningane også derifrå stig bratt.

Straumen, pr kilowatt-time, kostar da tilsaman frå slutten av desember: 82, 52 øre! Og det blir enda noko meire sidan nettselskapet tar eit fastbeløp pr år på 2423 kroner. Vi som er på kontor/ verkstad i kjellaren heime og har mykje å varme opp, kan ikkje unngå å få smellen. Internasjonal etterspurnad etter straum rammar bustadhus og industri i eit kaldt vinterland som Noreg, når marknaden er sluppe fri og er utbygd.


Ps ultimo januar:

Og no varslar Norges Energi om at kraftprisen min vil stige enda vidare i byrjinga av februar til 41, komma noko, øre pr kWh. Det er kraftprisen; så kjem nettleigeprisen utanom i tillegg. Kanskje dei veit at det vil bli ein kald månad i februar - - ?


Posta av Helge    25/02-13  10:52
Teknikken sine forsøk


Det hender at ikkje-skandinaviske personar nyttar eit translate-program på artiklane mine. Altså omsett til engelsk. Resultata set vel spørsmålet om kva som er poesi på spissen? For slik blir Inger Christensens vidgjetne strofe omskapt, gjennom translateprogrammet sitt ufullstendige poesiforsøk (som eg fekk kopi av via teljeapparatet):

So cultivate the crop on an altar in Chile
So hælder the mælk in an old cannon
So the stacks at af poisoned pile
So they plant rice on a tabt bastion


Ja, programmet skjønar nok ikkje pronomenet «de» på dansk eller norsk. Dersom engelskprogrammet manglar eit dansk ord i ordlista, så blir det danske berre brukt utan omsetjing. Er da forsøket til noka hjelp? Kan hende - . Nøyaktig slik lyder den danske strofa som eg siterer frå Christensens svære - og elegante - bok det:



Så dyrker de korn på et alter i Chile
Så hælder de mælk i en gammel kanon
Så stabler de ved af forgiftede pile
Så planter de ris på en tabt bastion



Rett mange søkjer inn på artiklar om Inger Christensen. Både i åra før og no. Og slik blir ein oppfanga translate-versjon (med siste del forvanska)...

Lenka til min opphavlege oversiktsartikkel om boka.


Ps 5/3: Det har gått mange dagar no, og framleis blir «translate»-funksjonen hyppig brukt på omtalen min av Inger Christensen, den danske poeten. Det må vere ei aktiv "gruppering2 og ikkje ein enkelt person som står i og studerer, trur eg.





Respons:*
Navn:*

Event. e-post:

Event. heimeside:

Fyll inn teksten på bildet nedenfor:*



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2015 Helge Rykkja Logg inn