Til hovedside
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Bøker >> Bok << 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12      
 
Bok
Dikt
Utgitt av Kommet, 1966


«Rykkjas BOK er den første bok her i landet som arbeider med en åpen struktur (...),» skreiv Jan Erik Vold i Samtiden 1966. I analysen sin i 1995-boka kallar Jahn Thon BOK for eit «avantgardistisk» verk. Ved førsteutgjevinga hadde BOK handskrevi «sats», utført av forfattaren. Forlaget Kommet var Volds og Rykkjas eige forlag, og mest den rutinerte Vold sitt forlag, der BOK - og Volds Blikket - kom ut. Den første som oppdaga dikta mine, dvs dikta som seinare blei trykt i BOK, da eg sende dei til Profil-redaksjonen våren 1966, var Jan Erik Vold, det må det ha vori.

Seinare gjorde både Einar Økland og Paal Helge Haugen positive meldingar av BOK, i riksavis og tidsskrift. Det same gjorde bl.an dei to, femten år eldre, Martin Nag og Yngvar Ustvedt, medan forlaget Gyldendal v/ sjef Brigt Jensen hadde refusert BOK, ut på seinsommaren skjedde det, kan eg seie. Men eg stura ikkje særleg lenge over refusjonen, når Jan Erik Vold kom med forslaget om å skipe eit eige forlag og bruke off set-trykk på Norsk Prent L/L, dvs det same trykkeriet som Profil pla bruke til det som no var blitt eit uavhengig unglitterært tidsskrift, i 1966 (etter å ha vori student-litterært sidan 1959).

Det er uklårt kor stor interessa for BOK er. I Danmark har nok interessa for BOK haldi seg lenge - og dukka opp også i år, slik du ser døme på i spalta Tilbakemelding under «konkret poesi».

Kva handlar BOK om? Cecilie Løveid, som skreiv artikkel om BOK, i Vinduet 1986, altså tjue år etter, og leverer mang ei instruktiv lesing av dikta, legg vekt på at «angst gjennomsyrer skrivelystigheten». «Selv voggesangene handler om katastrofe.» Løveid kommenterer så eit dikt i neste bok, dvs. Poesi, der det heiter: «Jeg beklager at jeg i min forrige bok ikke fikk beskrevet himmelen tilstrekkelig.» slik: «Men han gjorde mange forsøk! Og jeg synes den er tilstrekkelig beskrevet, tilogmed (Kanskje han bare lurer oss, kanskje boken ikke handler om noe annet enn himmel?)...»

Kva er BOK? Eg har sjølv på denne nettstaden, og med støtte for det frå andre, vedgått slektskap både til konkret poesi og til Ellen Einans poesi, hennar poesi som har kommi mykje seinare enn BOK. Og ingen knyter Ellen Einans poesi til konkret poesi, iallfall ikkje til denne dag, i mai 2005...

Hugs at originale BOK, i 1966, var TRYKT I HANDSKRIFTA MI, som den første og hittil einaste diktsamling (som eg kjenner til) i handskrift, dette som ein lekk den gongen og seinare i det lange konkrete prosjektet mitt.


Utdrag nr 4, som er forsynt med enkelte korte kommentarar, er «harepusdiktet» i BOK.



Utdrag:

For Åsmund ...

Det undret ...

Regnet drep...

Hvem vet hvem...

Reise til Nor...

Jeg vil til...

Det fine ve...

Det er kald...

Merkelige sty...

Bjørkene va...


 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2008 Helge Rykkja Logg inn