Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 3 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Jimmy Åsen

Ein humanist som avantgardistisk poet? (Kort)

I kunsten opererer ein med omgrepet avantgardisme, og Jahn Thon har festa «avantgardist» på meg (frå 1966) i boka si (1995) om tids-skriftet Profils alle skiftande fasar. Sjå meir frå Thons bok i del fem. Kva går avantgardismen min heilt frå debuten ut på, og kva går skrivemåten min i det store og heile ut på? Noko vil du få greie på ved utdraga frå bøkene og i kvar kort bokpresentasjon, i spalta Bøker. Noko kjem fram i spalta Tilbakemelding.
Kort formulert: Den litterære måten min er ein open og konkret poesi som også kommenterer og reduserer litterære sjangrar og «myter», samtidig som poesien min kommenterer og reduserer samfunns-messige skrankar eller institusjonar, t.d klassestaten/klassane eller t.d familien, familieformer, fordi eg er humanist. La dette vere ein rapport (10/10-04) om innhaldet i poesien min og den rolla eg trur eg ønskjer å ha.