Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2017

Håvard Rem og Lars Ove Seljestad
Fredag 28.

"det nynorske paradiset"
Fredag 28.

Kva gjer ein litteraturkritikar
Torsdag 27.

Bjørn Frang
Lørdag 22.

Lese upubliserte dikt
Onsdag 19.

Påskelitteratur
Søndag 9.

Lillehammer frå 30.mai
Fredag 7.

"... borgerskapets etikk"
Lørdag 1.

Fredag 28. April 2017

"det nynorske paradiset"

(Nytt) Gratulerer Noregs Mållag med 12411 medlemmar i 2016, det høgste medlemstalet på 25 år... Eg gratulerer samstundes nynorsk-avisa Dag og Tid med Fritt Ords pris for 2017 (For å ta heile landet alvorleg). Ein ting til: Arbeidarpartiet vil ha meire norsk og samisk i bruk. Og nynorsk skal sikrast å få gode sjansar til vidare utvikling. Om eg forsto vedtaka på det siste landsmøtet rett. Vel. Frå før har vi sett at forfattarar lenge har vore flinke til å skrive nynorsk og dertil at VG, storavisa VG, i det siste lempar på boykotten sin av nynorsk. Ja, her kan vere noko på gang.

Men eg likar likevel godt Kristin Auestad Danielsen sin konsept-parodi frå boka Nynorsken i 2008, til dømes dessa to delane som heng saman:



Og det som måtte kome:
Utanfor skogen har det kome tilreisande,
dei lagar tivoli, ein liten tjukk mann står utanfor og skrik:
Velkommen til det nynorske paradiset!






Hopp på Halldis Moren Vesaas-hjorten på karusellen!

Køyr med Arne Garborg sitt fylleangst-tog!

Skyt blink og få bamse.

Elsk i nasen til Ivar Aasen,
og der: Ein diftongklovn frå helvete.

Dei moralsk forkastelege sjanglar
seg til bokmålshorene i utkanten
og får kviskra opphissande ord i øyro: jeg er skitten.


Vaa-svana svirrar rundt og rundt, kvalm og ør og går i bakken.

Ei smekker dame i pepitaruter, Åse Marie Nesse-bjørka, svaiar sanninga i augo våre.