Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2017

Håvard Rem og Lars Ove Seljestad
Fredag 28.

"det nynorske paradiset"
Fredag 28.

Kva gjer ein litteraturkritikar
Torsdag 27.

Bjørn Frang
Lørdag 22.

Lese upubliserte dikt
Onsdag 19.

Påskelitteratur
Søndag 9.

Lillehammer frå 30.mai
Fredag 7.

"... borgerskapets etikk"
Lørdag 1.

Lørdag 1. April 2017

"... borgerskapets etikk"

Eg har brukt dette diktet før. Kven har skrive denne strofa i si debutbok?

Agathe Christies bøker er klar politikk!
Hun beskriver krasst borgerskapets etikk:
For å arve formuen myrder sønnen sin mor,
og datteren kveler sin far med en snor.
For pengenes skyld stikker søsken med iver
hverandre i ryggen med lange kniver.

(…)

Agatha Christie er mest kjend (i Noreg iallfall er ho det) som britisk kriminalforfattar, frå tidleg i det førre hundreåret. På NRK-Tv går det ein lang serie i reprise (med høvesvis nyinnspelte episodar) med kriminalhelten Hercules Poirot (han belgiskfødd og perfeksjonist). Poirot er sjølvbyrg når det gjeld psykologisk teft og sin oppnådde ekspertise i detektivarbeid. Som privatperson er Poirot skildra av Agathe Christie med enkelte veike men menneskelege sider.

Poirot er derimot dyktig feministisk i si vurdering av kvinner sine vitneprov og han forstår kva ekte kjærleik har å seie i motiv. Han syner nødvendig respekt... Og det feministiske hos Poirot meiner eg kjem saman med diktet over sitt fokus på det engelske borgarskapet i tida! (Men også dei kriminalromanene frå Agatha Christie som var forsynte med den tilårskomne løysingshelten Miss Jane Marple, er filmatiserte og ofte sende hos oss og må tolkast som feministiske.)



Forfattaren av diktet over hadde året 1976 ein amatørdebut i norsk lyrikk med Sangen i verkstedhallen, som 60-åring; og gjennom eit tiår vidare utvikla han seg til ein god prosaist med ei rekkje bøker. Han hadde blitt skolert gjennom industriarbeid og fagrørsle... Men nye litterære motar skauv forfattarskapen hans ut i gløymselen, vel førebels. Namnet hans er Asbjørn Elden.



______
Tvkrim (eller film) kan vere sosialt og bli ein dose sosial litteratur. Men kan Tvkrim vere fjern(a) frå livet (i 2010)? Og her er meir om dette, eit halvår etter i 2010.