Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Lørdag 20. Mai 2006

Rimdikt?

Vi ser stadig nokon ta oppgjer med uforstand og «snobberi» og komme med nye forslag om diktet sin plass. Ein instans innan Norsk kulturråd, det rådet som løyver statleg støtte til litteraturen, har nyleg tenkt høgt og kritisk... Vel. Rimdikt-tradisjonar har nyleg blitt etterlyst som ein publikumsvennleg sjanger, iallfall av Knut Buen og bokmeldar Eirik Lodén. Midt på 1980-talet låg det i den aktive Karin Moe sin uttalte «postmodernisme» å oppvurdere og sidestille ulike sjangrar i kunst og kulturliv. Men slik ho gjorde det og lykkast i prosaen, nådde ho ikkje heilt fram i lyrikken hos seg sjølv (eller hos andre poetar). La oss undersøke rimdikt som ei mogleg farbar fil tett ved sida av andre utfordrande diktsjangrar. Første påstand: Det er ikkje nok at det rimer og rytmen glir - .

Nei, sjølve hovudsaka ved rimorda er at desse orda er sentrale for meininga i utsegnene, at dei ikkje berre er putta på i versa for godlyden og rytmen sin del. Alt anna enn sentral poetisk meining blir for keisamt å høyre på. Og korleis ein skal få produsert denne kunsten? det er akkurat denne nødvendige profesjonen eller profesjonaliteten som er forsvunni og blitt fråverande i dei relativt spreidde norske forsøka på rimdikt (etter dei kvalifiserte Prøysen og Eggen på 1960-talet, etter dei kvalifiserte Tramteateret og Vømmøl og Arvid Hanssen på 1970-talet og etter den kvalifiserte Margaret Skjelbred på 1980-talet).

Eit av dei første dikta som Rudolf Nilsen presenterte for lesarane sine i bokdebuten 1925, er Bekjennelse, med desse to opningsstrofene, som eg bruker til å vise godt rimhandtverk:
Der er ingen mening med livet?
Du sier: Vi fødes og dør,
men er der et mål for det hele,
en hensikt med alt det vi gjør?

Jeg kjenner en mening med livet.
Det er at du gjør din plikt
i stort og i smått mot din klasse -
i handling, i tanke og dikt.

Rimparet dør/gjør, eller heller samanhengen melom «fødes og dør» og «alt det vi gjør», er utført profesjonelt.

Ikkje alle dei tre påfølgjande, og ikkje siterte, strofene held den same høge standarden liksom den eg peika på her, eller er umerka av «Tidens tann». Men ein kjenner kloa også i desse strofene... Dette er ikkje nokon diktanalyse, men ei slags påminning om kva eg meiner at vi snakkar om i den aktuelle (rimdikt-)debatten, nemleg om tapt kunnskap.

Eg kan forresten leggje til her at eg i diktsamlinga mi til hausten har ein god del rimdikt, i uvanlege versmål. Det er verdt å utfordre grensene for poesien på denne måten, synest eg, ikkje berre snakke om kva som manglar, ikkje berre kritisere andre, sjølv om å kritisere andre er nyttig.

*

Dag og Tid i går, som gir stemme til Knut Buen og Eirik Lodén, fortel om den nordnorske populære poeten Helge Stangnes, og avisa trykkjer også eit dikt av han på baksida:
Lærdom

Far min, han sa
- Dreg du en fesk,
skal du gløtte utførre.
etter en liten
kan følle en større.
Lar du då morten
henge som beita,
og du e snar,
kan du høgge deg kveita.

Far min, han sa:
- Sleppe du en fesk,
så ta'kje tel gråten.
Ta heller hiken
og smell han i båten.
Fesk ifrå jupta
flotne av skrell.
Sånn kan du sjøl
vende uhell tel hell.

Far min, han sa:
Lærdom har lett
førr å læke av minnet.
Skal han bli din,
må han røynes på skinnet.
Ingen får lott
av å lese seg klok.
Arbeidd e ofte
den likaste bok.
Ja, eg er samd. Det er mykje Helge Stangnes kan i dette lærdom-diktet.


Sjå eit lite diktdøme: Døden er en gammel snekker (av Inger Hagerup), i byrjinga av artikkelen Konkret i poesi .