Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2017

Årstider
Tirsdag 28.

Festival-vår
Mandag 27.

Morsmålsdag
Tirsdag 21.

Josefine Visescene
Søndag 19.

Kjell Heggelund
Fredag 10.

Diktafon på P2
Fredag 10.

Gilles Dossou-Gouin
Mandag 6.

Det skjer i Trondheim
Mandag 6.

Mangfald og kvalitet
Søndag 5.

Mandag 6. Februar 2017

Gilles Dossou-Gouin

Den norske forfattaren Gilles Dossou-Gouin døydde 30. september etter lengre tids sjukdom. Dossou-Gouin kom til Noreg opphavleg som flyktning og som fribyforfattar til Molde. Han blei medlem av Den norske Forfatterforening i 2012. Slik er eit intervju frå 2012: Ikke fremmed som forfatter. (Grunnen til at eg skriv om Dossou-Gouin no, er at eg fekk med meg dødsfallet først no.)


Vera Henriksen sitt minneord i Romsdals Budstikke har nære opplysningar: Moldes første fribyforfatter er død.

(Her er også minneorda frå Mette Newth Nouri, generalsekretær i Norsk PEN. Dei orda også nære.)



Meldingar frå meg av diktsamlingar som forfattaren (opphavleg frå Benin i Afrika) har skrive i Noreg og utgjeve på norsk: En fremmed i Hustadvika og Tunge nøkler rasler.




Ps: Gilles kontakta meg etter Hustadvika-boka (i 2010), som eg jo melde. Han kontakta meg fordi eg hadde ei tilknyting til Molde og omegn (skjønte han) og dertil hadde noko viktig kjennskap til den vidkjende franske Paul Valery, han med goddiktet «Le cimetière marin». Språket for Gilles (frå Benin) var nemleg fransk. Jo, eg las gjennom somme av dei seinare norskskrivne dikta hans og gav tips og råd, eg håpte at han kunne få meire hjelp av franskekspertane i Noreg, slik han hadde fått hjelp ved gjendiktinga til norsk i 2010. Gilles ønska å bli skikkeleg norsk (forfattar), også i skriftspråket sitt som han brukte på dikt.

Pr brev (slik vi kommuniserte) kom vi godt overeins. Eg merka knapt at han var katolikk (utanom i enkelte av dikta) eller at han var høgremann i lokalpolitikken. Og han kunne ha gjeve norsk lyrikk (og ein lyrikk om Noreg) mange fleire impulsar om han hadde over-levd sjukdommen og fått ha den ivrige inspirasjonen.