Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2017

Danske poetar på vitjing
Lørdag 28.

Diktets Venner
Torsdag 26.

Josefine Visescene
Onsdag 25.

Juliana Spahr
Onsdag 18.

Etter året 2016
Onsdag 11.

Gro Dahle: Søster
Lørdag 7.

Effektfull montasjeform
Tirsdag 3.

Utanfor kartet
Mandag 2.

Onsdag 11. Januar 2017

Etter året 2016

Mange gode diktbøker har eg møtt i året som har gått. Eg har nok lese mindre planmessig enn i 2015, da eg hadde eit spesielt mål med å vurdere diktkvaliteten på heile årgangen og gjennomførte det også. Dei følgjande bøkene under har eg i alle fall forfatta ein større eller mindre omtale av - og innsyn i:



* Lars Saabye Christensen: Kargo

* Halfdan Siversen: Med sug i magen

* Karl Marx og Friedrich Engels: Det kommunistiske partis manifest

* Inger Christensen (gjendikta til norsk av Endre Ruset): Det

* NRKs antologi: DIKT & forbannet LØGN, «Norges beste dikt».

* Athena Farrokhzad: Vitsvit. Gjendikta av Tina Åmot.   

* Sandra Lillebø: Alt skal skinne og blø Barneskildring for poesi?

* Anne Helene Guddal: Døden og andre tiggere Inspirerande vegar

* Ruth Lillegraven: Sigd

* Kjartan Hatløy: Den kvite steinen

* Rudolf Nilsen: Samlede dikt Sanneleg Rudolf Nilsen

* Alf Cranner: Fra Alf til Alf Synet på Prøysen

* Thor Sørheim: Stuntpoetene

* Kaisa Aglen, Catherine Blaavinge Bjørneboe og Hans Anton Grønskog Frå ny lyrikk

* Margaret Solberg: som bare det kan reflektere Nedlukket engel

* Jan Erik Vold: Obstfelder LIVE på Rebecca West.

* Torild Wardenær: Forløp Effektfull montasjeform

* Gyrdir Elíasson (gjendikta av Oskar Vistdal): Dikt i utval Utanfor kartet

* Gro Dahle: Søster

* Juliana Spahr: Den vinteren kom ulven



Fordi eg skreiv om Hans Sandes diktbok i 2015, har eg vore kort-fatta om dikta hans i 2016 med tittelen Skogkyss, som er ei god bok og bør ha fått god handsaming i forlaget. Eg har berre skrive dette no:
«Somme poetar freistar å finne røyst for det som sosialt utslåtte (eller like gjerne eldre) kan kjenne og treffe. At poeten Hans Sande - i den nye boka Skogkyss - har oppdaga eit effektivt uttrykk for vanskelege kjensler i den eldste samfunnsgruppa når det gjeld kjærleik, er opplagt. Sande er dyktig. Og han er drastisk & kritisk eller humoristisk og blottlegg vanskane... Skogkyss.»
Eg har planar om å skrive om den islandske poeten Gerdur Kristný sin «diktsuite» Dråpa gjendikta til norsk. Får sjå.

Jan Erik Volds 620 siders bok Kánon / kannon / kanón vil eg skildre i samband med diskusjonen som avisa Klassekampen drar i gang om ein norsk kanon (for skoleverket) om litteratur, kunst, musikk og så bortetter. (Saman med den norske regjeringa, som aper etter Danmark igjen.)


Her filosofert rundt dikttema i 2016