Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2017

Danske poetar på vitjing
Lørdag 28.

Diktets Venner
Torsdag 26.

Josefine Visescene
Onsdag 25.

Juliana Spahr
Onsdag 18.

Etter året 2016
Onsdag 11.

Gro Dahle: Søster
Lørdag 7.

Effektfull montasjeform
Tirsdag 3.

Utanfor kartet
Mandag 2.

Lørdag 7. Januar 2017

Gro Dahle: Søster

Korleis er det fatt med solidariteten og det forventa hjelpsame, folk imellom? Gro Dahle har skrive boka Søster og satsar på å få sjekka viktige tilhøve. I første diktet møter vi «mora». Korleis er mora? Ei vanleg mor, vil eg seie, litt undersøkjande, men vanleg. Andre vil kanskje seie at det er ei krevjande mor. Likevel blir det da «søster» eller søsteromgrepet som det kjem til å dreie seg mykje om i boka til Gro Dahle. Vel. I tidlegare poesi har Gro Dahle - med personleg og drastisk form - teikna foreldrerolla.

Det er ingen menneskerett å ha ei søster, eller å få ei søster. Men eit stort pluss blir det, får eg seie for min del, ut frå eiga lang røynsle; utan å ta munnen for full. Gro Dahle set det på spissen, korleis det kan vere vanskeleg i det heile å få det som ein lengtar etter. Og folk blir fort rett einsame med draumen sin eller med dei klåre ønska sine. På mine kantar kan ein få så mykje anna enn ei søster opp i hendene.

Familien sin funksjon i eit samfunn som vårt (med mange små familiar) er ikkje lett å ta greie på. Slekt blir heller veikt gripbare symbol enn t.d økonomisk hjelp eller stor og djup forståing. Sam-stundes varierer slekt og søsken så mykje kulturelt gjennom eit opent samfunn som vårt (er blitt). Alt dette er slikt som eg tenkjer om emnet medan eg les - .

Gro Dahle leverer mange tankesprang i boka Søster, dette sjølv om språket er enkelt og stilen naivistisk med ispedd somme eventyr-brokkar... Når det gjeld naivistisk stil og drøftande barnleg uttrykk, er Gro Dahle ein tungvektar i norsk poesi. Stilen kjem boka til gode.

Ein stor feil i kvinnefellesskapen kjem tydeleg fram i teksten. Manglande støtte til kvarandre sine val kan lett oppstå som eit problem og ei nedslåande kjensle. Dette gjeld både i tilhøvet mor/dotter eller fellesskapen hos konkrete søstre eller i generelt vennskap mellom kvinner. Lesaren får eit rikeleg materiale å grunne på i boka, både når det gjeld kjensler og alle detaljar som poesien klarer skildre. Blikket i boka er kritisk. Humor er sjeldan langt unna. Men er det vitskaplege nok på plass, er heilskapen i samfunnsskildringa heilt til stades? Iallfall strippar poeten ofte språket i ramma rundt menneska ned til nesten ingenting.

Ein kan også spørje om noko heilt anna: Kor er til dømes bror og far? Dei glimrar med sitt fråver her. Dette blir noko som er heilt medvite gjort av forfattaren. Og boka forklarer vel ingen ting om samanhengen rundt dette. Er «faren» forsvunne og «ein bror» inga støtte? Tilbake til mora som byrjar heile boka. No vil eg utnytte eit diktdøme frå starten. (Dikt nr tre lyder følgjande:)



Moren min er ikke bare moren min,
hun er også alt det andre,
hvert eneste ord i forbifarten,
hvert blikk i gangen,
hver dårlige samvittighet.
Hun kommer inn på kjøkkenet
i en jakke av bekymring,
står i gangen
med lommene fulle av tårer,
legger en hånd på skuldrene mine
tyngre enn sement.

Vi eier denne tyngden sammen,
samarbeider om hver krangel.
Hva er det nå da? sier hun
når jeg må sette meg ned.
Er du dårlig? sier hun.
Hvorfor fikk jeg aldri noen søster? sier jeg.



Når det gjeld meir av barnleg uttrykksmåte: Som ein kontrast til tilhøvet mellom dei to nære familiemedlemmane mor og dotter kjem dette kortare, men kontante følgjande diktet, diktet som held fast på draumen (og som forlaget/forfattaren har plassert openlyst på baksida av boka):



En som vet om meg
slik bare en søster vet om meg.
En som er i rommet
slik bare en søster kan være i rommet.
Et søsterhode.
En søsterrygg.
En søstervegg
å lene seg mot.