Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2016

Frå ny lyrikk
Mandag 28.

Synet på Alf Prøysen
Torsdag 24.

Sanneleg Rudolf Nilsen
Tirsdag 22.

Flikkflakk gjennom Flick
Mandag 21.

Sigd
Fredag 18.

Den kvite steinen
Onsdag 16.

Ver merksam på littkritikk
Tirsdag 15.

Leonard Cohen
Lørdag 12.

Inntrykk brer seg?
Onsdag 9.

Barneskildring for poesi?
Torsdag 3.

Ein strategisk artikkel
Tirsdag 1.

Mandag 28. November 2016

Frå ny lyrikk

Kaisa Aglen interesserer seg for fredsstudium, og det har fått henne til å skrive dikt om krig eller det som er «mellom». Boka har fått tittelen Mellom krig. Eg fall for eit tidleg nokså munnleg dikt som dette (side 7). Kva tykkjer du om korleis ho omtaler krig i notida her, der omgrepet «kanskje» går over til omgrepet «nesten»?


Vi veit vagt kva soldatane gjorde. Eller
framleis gjer. Det er kanskje naudsynt. Kanskje krig.
Kanskje under kven sin kommando. Ein stor offentleg
kanskje-debatt. Det heile heng kanskje saman. Vi veit
nesten kva vi snakkar om. Det er oss nesten viktig. Gjer
oss nesten vondt: Vi sender dei nesten ut for å døy.


I dette diktet er det noko som ein ikkje har lesi samanfatta tidlegare (iallfall har ikkje eg det). Det er likevel noko ein fort kjenner seg att i og tykkjer er befriande gjort og ikkje mindre samfunnskritisk.

Gjennom ei anna ny bok frå same forlag, Samlaget, har forfattaren her eit personleg konstruert eige diktspråk. Boka byrjar byrjar slik, kort fortalt og dirrande.


De bi inkje sumar her
De vårar inkje
De bi haust u vintrar
U haust att



Forfattaren er debutant og heiter Catherine Blaavinge Bjørnevog. Bakgrunnen for det personlege språket som boka er halden i heile vegen, er personleg. Boka har tittelen: Um sakne springe blome. Nettstaden littkritikk, som eg tilrår alle å prøve, har denne omtalen av Bjørnevogs bok.

*


Hans Anton Grønskag, ein eldre kar og røynd forfattar, skriv i Tida søv aleine mellom anna på noko som er gjort med hender og verkty (i diktet under side 36). Slik at dette er nesten det viktigaste:


Snikkaren snikra ei kyrkje


snikra ein båt
kvar høvelspon var ei bøn
og ein brottsjø

Det er medan songen frå saga går
at emnet gler seg
kvaetung song
skog rettar ryggen

Tungrodde opne havet
vind over sjø i ørske
salt liv og lengt
alt er med når det skapast

Slik blir det vene til
hendene som fører øksa
har kjent verre ved

Kniven kvass
finslipt

tenksam


Grønskags dikt har komme på Bokvennen forlag. (Hans Anton Grønskag er også dramatikar og allsidig tekstforfattar.)