Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Fredag 18. November 2016

Sigd

Ei diktbok i år har den ikkje moderne tittelen Sigd. Poeten held seg på 1800-talet. Poeten Ruth Lillegraven, som er frå Granvin og ein gard, legg handlinga til ein stad på Vestlandet. Sjølv om hendinga som blir fortald om i diktet under, har ein stor avstikkar til Novaja Semlja, blir det Vestlandet som er utgangspunkt. Den unge Endre, gardbrukaren, står i sentrum. Og dette er nok bygd på - eller heller inspirert av - eit forelegg. Forelegget er ei funne knapp autentisk dagbok, melder poeten om. Elles verkar det som om forfattaren av diktboka har gjort eit viktig arbeid føreut for diktinga, slik ho også har gjort før med historiske innhogg gjennom dikt.


VÅRSILD OG ISBJØRN


farbror karl
kjem heim frå
vårsildfiske, får
far til å glitre
og glime

heilt nord til
aude land av is
har han vore

gjekk i land
i novaja semlja
for å veide rein

då kom uvêret

til alt hell fekk han
skote seg ein isbjørn
hadde ikkje fyrstikker
bjørnen laut han ete rå
men kjøtet gav krefter
og skinnet varma til
skuta kom att

tenk at
du lever, sa dei
og såg på han som
var han jesus kristus

ja, tenk at du lever
seier eg, ser på han som
alle stader har vore, som
alt har sett og alt har gjort

sjølv har eg ikkje gjort anna
enn å vere her, og å vere her
er det eg skal, til all tid

ja, seier karl, visst har
eg vore langt av lei

men tru du meg
venare stad enn her
det finst ikkje

og du er jo endre
son til svein

her er det du
som stjerner styrer
og alt liv som yrer
alt ned til mauren
i mold



I og for seg viktig samtale mellom to. Karl siterte her på slutten ein salme («Himmelske Fader» av folkelege nordnorske Elias Blix). Og slik er slutten på diktet ein parafrase over religiøse songtradisjonar. Iallfall vi som er litt oppe i åra, kjenner på tradisjonar når vi les fire slike diktliner til slutt. Elles syner det seg seinare - etter dette diktet - at Karl ikkje får noka lang levetid etterpå.

Forutan barnelitteratur og vaksenroman har Ruth Lillegraven hittil gjeve ut fire diktbøker for vaksne, og ho blir rekna som ein svært lovande yngre forfattar. Tiden er forlaget hennar. (Privat nettstad er god.) Generell konklusjon: Også Lillegraven si diktbok er døme på noko i bokhausten som peikar ut den allsidige kvaliteten på aktuell norsk poesi 2016.

God også på mannsportrett var Lillegraven igjen. Men aller best har ho - hittil - vore i den androgyne og kvardagslege notidsskildringa si, diktdebuten: Store stygge dikt. Men eg reknar med at Lillegraven på eit eller anna vis vil tilbake til (i poesien) frodig direkte skildring av notidsgenerasjonar.