Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2016

Frå ny lyrikk
Mandag 28.

Synet på Alf Prøysen
Torsdag 24.

Sanneleg Rudolf Nilsen
Tirsdag 22.

Flikkflakk gjennom Flick
Mandag 21.

Sigd
Fredag 18.

Den kvite steinen
Onsdag 16.

Ver merksam på littkritikk
Tirsdag 15.

Leonard Cohen
Lørdag 12.

Inntrykk brer seg?
Onsdag 9.

Barneskildring for poesi?
Torsdag 3.

Ein strategisk artikkel
Tirsdag 1.

Onsdag 16. November 2016

Den kvite steinen

Vel. Ein god lyrikar som sto over utgjeving i 2015 men blei ferdig med bok dette året, er Kjartan Hatløy. Boka sin tittel er: Den kvite steinen. Undertittelen er «Stemningar frå Salbu». Poeten er lesaren rimeleg imøtekommande. Eg siterer stykket «Denne kvite steinen» (som eg har vald ut). Du kan også få starte lesinga - på nettet - frå byrjinga av boka og få nokre sider slik ved å «google» boktittelen.

Omslaget på boka er elles halden i ein gammaldags lay out, for å seie det. Eg tykkjer Kjartan Hatløy er spennande. (Teknisk: I den trykte boka har ein ordna typografisk både rett venstremarg og rett høgremarg, noko eg ikkje har utveg til her:)




DENNE KVITE VEGEN er viktig for meg kvar dag, kvar
stund. Eit lite, raudt levande møter eg òg der. Særs lite.
Endå eg nett har grusa på nytt, kom ho att, den raude
minivevkjerringa, i mangel av rett ord. Det skulle vere
umogleg, så lita som ho er, men også denne gong merka
eg henne, endå eg ikkje gjekk og stira ned.

Ein ser henne nesten ikkje, ho er mindre enn tre milli-
meter lang, med beina vel fire, og beina også raude, kall
dei gjerne purpur. Eg ser henne klatre så unders mjukt,
men stridsvognaktig. Ser henne klatre sine «berg», altså
grus. I eit stort alvor seg eg noko av dette ho er. Beundrar
eg hennar varsame gange, dristige, farefulle reise. Kvar
einaste sommar siste ti år har ho synt seg for meg, og
kan hende det er den same.

Eg er så glad eg fekk sjå henne. Så glad at hennar vinter-
bustad tydelegvis ikkje er i denne vegen. Eg har kalla
henne vevkjerring av di eg aldri har slått opp artsnam-
net. Granskar henne heller. Beundrar henne. Eg ventar,
står still, går ikkje vidare før ho er trygg for stega mine.