Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2016

Frå ny lyrikk
Mandag 28.

Synet på Alf Prøysen
Torsdag 24.

Sanneleg Rudolf Nilsen
Tirsdag 22.

Flikkflakk gjennom Flick
Mandag 21.

Sigd
Fredag 18.

Den kvite steinen
Onsdag 16.

Ver merksam på littkritikk
Tirsdag 15.

Leonard Cohen
Lørdag 12.

Inntrykk brer seg?
Onsdag 9.

Barneskildring for poesi?
Torsdag 3.

Ein strategisk artikkel
Tirsdag 1.

Tirsdag 15. November 2016

Ver merksam på littkritikk

Nettstaden «littkritikk» må du bruke. Nettstaden syner jo fram unge og debutantar, grupper som treng omtale og kritikk (men som aviser ikkje tar seg av). Og littkritikk opererer relativt uavhengig. For slike som t.d Maiken Horn Bolset, som littkritikk nyleg melde debutdikta til. Det var diktboka Narr.

Narren er ein interessant og uoversiktleg figur, også i eit moderne samfunn(?) Den gode Alf Prøysen ikkje berre tematiserte LØGNA, han tematiserte også figuren NARR. Da eg intervjua forfattaren og poeten Paal Brekke for tidsskriftet Profil i 1967, kjende Brekke ein del på rolla «kunstnaren som narr», dette for eigen del; og han ville ikkje bort frå temaet i intervjuet vårt. No er det altså ein ung poesi-debutant som, via dikta sine, vil fortelje om narren si rolle.

Ser vi på staben til littkritikk, finn vi at denne er blitt auka og bygd ut i breidda, noko som er gledeleg og gir meire håp for kritikken av bøker.