Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2006

Femti år sidan Brecht
Lørdag 29.

Diktsidene i Polen
Torsdag 27.

Svevedikt
Tirsdag 4.

Forfattarklubbar
Søndag 2.

Tirsdag 4. April 2006

Svevedikt

Den danske nettstaden afsnitp ligg ute med ein oppdatert illustrert artikkel (ført i penna av Karen Wagner) om den norske visuelle poeten Ottar Ormstad. Her i Noreg er Ormstad dagsaktuell med boka telefon-katalogdiktet.

Nettstaden afsnitp syner Ormstads virtuelle såkalte «svevedikt». Poeten plasserer ord i rommet eller i flata, dei «svever», heng vektlause, flyttar seg, forsvinn, oppfører seg som teiknefilm. For meg er dette både biletgjorde psykiske realitetar og dertil ein heilt ny og endeleg utvikla diktsjanger tilpassa relativt moderne media som internett, tv og film, altså dei sist utvikla visuelle eller biletbaserte media. Du kan også møte Ottar Ormstad sjølv - og hans nytt - på mono i Oslo i morgon. Ver også obs på avisintervju. Fleire og fleire avisredaksjonar ser nye innfalls-portar til sine lesarar i det som den mogne poeten Ottar Ormstad utviklar med ord.

Her er du direkte inne på afsnitp
Eg skreiv om telefonkatalogdiktet her ... Og prøv dei vidare lenkene til allslags konkret som er i poesi!


Ps 10.april: Klassekampen har reportasje i dag om Ottar Ormstad og visuelle dikt, inkludert intervju og ei fyldig bokmelding av telefon-katalogdiktet. Hovudtittelen er: «1960-tallet er tilbake». Bokmeldar er elles redaktør av afsnitp, Christian Yde Frostholm.