Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2016

Frå ny lyrikk
Mandag 28.

Synet på Alf Prøysen
Torsdag 24.

Sanneleg Rudolf Nilsen
Tirsdag 22.

Flikkflakk gjennom Flick
Mandag 21.

Sigd
Fredag 18.

Den kvite steinen
Onsdag 16.

Ver merksam på littkritikk
Tirsdag 15.

Leonard Cohen
Lørdag 12.

Inntrykk brer seg?
Onsdag 9.

Barneskildring for poesi?
Torsdag 3.

Ein strategisk artikkel
Tirsdag 1.

Onsdag 9. November 2016

Inntrykk brer seg?

Europeisk politikk har spreidd seg til USA gjennom den aller siste valkampen i USA. Følgjene er ikkje enkle å gjere greie for. Iallfall ikkje førebels, ikkje for nokon, verkar det som. Oppsummering av den norske poesien så langt i 2016 er enklare å få til, tykkjer eg. Og det kjem da enda meir oppdatering og fleire konklusjonar på denne nettstaden. I det følgjande vil eg slå fast eller prøve ut fire punkt:

1) Talet på bøker: Akkurat like mange diktbøker blir utgjevne i år som i fjor, da eg gjekk nøye gjennom og vurderte årsproduksjonen (og leverte også rapportar på nettet og stoff gjennom foredrag & opplesing).

2) I år er det – stort sett - heilt andre forfattarar som har gjeve ut ny diktbok enn dei som gav ut ny i 2015. Er ikkje det meir ein styrke enn noko veikt?

3) Bøkene i år ser ut til å kunne konkurrere i kvalitet med fjorårsproduksjonen. Produksjonen sist år var nemleg god og nytt-tenkjande.

4) Så langt med lesinga mi er det blitt mindre av forenkla biografiske sorgbøker i år, dvs sorgbøker fletta rundt ein (eldre) avliden person i poeten sin eigen næraste familie. Altså mindre av det hyppigaste og likevel opplagte av sorg... Og dette er gunstig for poesien. Hos oss i Noreg også. (Trenden med dikt om sorg har vore internasjonal.)


* Noko meir utfyllande om 1) sine detaljar og utrekningar.

* Her er enda eit døme på 3) god kvalitet hos ein lyrikar i år.