Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2016

Frå ny lyrikk
Mandag 28.

Synet på Alf Prøysen
Torsdag 24.

Sanneleg Rudolf Nilsen
Tirsdag 22.

Flikkflakk gjennom Flick
Mandag 21.

Sigd
Fredag 18.

Den kvite steinen
Onsdag 16.

Ver merksam på littkritikk
Tirsdag 15.

Leonard Cohen
Lørdag 12.

Inntrykk brer seg?
Onsdag 9.

Barneskildring for poesi?
Torsdag 3.

Ein strategisk artikkel
Tirsdag 1.

Torsdag 3. November 2016

Barneskildring for poesi?

Sandra Lillebø har komme med si neste diktbok etter debuten 2011 (som hadde tittelen: Navnet på den ensomme er frigitt).

Første - og mest andre - gong eg las i den nye, forsto eg altfor lite. Eg tenkte ein augneblink at forfattaren nok var god prosaist, iallfall best på prosa. Men eg bomma når det galdt lyrikken hennar. Slik kan det bli med eit første inntrykk, det råkar ikkje. For så gjekk det ei tid -, og da eg byrja om att ein dag, da forsto eg alt utover i heile boka! Det som Lillebø skreiv om, var ekte fortalt og formidla.

Reven blir utnytta som bilete her, både på og i boka. I den tredje avdelinga (av fem) blir reven fortalt særskilt om. Og det er jo der setninga «alt skal skinne og blø» dukkar opp = det som blei tittel på den nye boka til Lillebø. Eg-personen i dikta blir overtydande som rev, syner det seg. Dessutan: Fint forma bok av forlaget; utgjevinga søkjer ein komposisjon og heile tida format. Deretter i diktboka ser eg utvikling til «brev» og eit endeleg brot med reve-biletet. Også dette effektivt formulert og komponert.

I avdeling fire handlar det om ungen, særleg om ungen si viktige mista marihøne. (Berre hugs: Marihøner kan fly bort og skal det for å bringe lykke og solskin.)

Dikta til Lillebø er usminka, ei kraftig kvinnerøyst. Ja. Og barne-skildringa i avdeling fem balanserer jo på massiv måte starten i diktboka, dvs avdeling ein. No vil eg låne og sitere eit dikt, valt frå startområdet på boka:


alle gater har en skitten unge
et barn med støvler
som snur seg og går

ut i skogen og bygge hytte
ut og sette opp oversikter
over inntekter og utgifter

ut og bære planker
ut og spise høy


Frå diktboka Alt skal skinne og blø