Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2016

Sterke familietema
Mandag 31.

Toppen av lesestoff
Lørdag 29.

Skål og suppe
Onsdag 26.

Rebolledo Pedersen & Frahm Jensen
Lørdag 22.

Nyprøvde kanalar
Onsdag 19.

System tilbake?
Lørdag 15.

Songlyrikken
Fredag 14.

Marx og framtida
Onsdag 12.

Utviding av litteraturkritikken?
Fredag 7.

Tema natur i byen
Mandag 3.

Datoar
Søndag 2.

Lørdag 15. Oktober 2016

System tilbake?

Danske Inger Christensens svære gjennombrotsverk det frå 1969 er komme på norsk i Endre Ruset si gjendikting. Når eg jamfører gjendiktinga med originalen, t.d i Samlede digte (2001), ser eg at jobben for ein stor del hos Ruset er ei enkel omsetting til bokmål, fordi språket i bokmål ligg så nære dansk i setning og ordval, sjølv om uttalen er forskjellig og enkelte bokstavdetaljar skil...

For ser vi på den – i Danmark – svært kjende songen (som vi møter i avdelinga HANDLINGEN transiviteter), skriv Inger Christensen i line to: «Så hælder de mælk i en gammel kanon». Der må da Ruset berre få skrive: «Så heller de melk i en gammel kanon». Minimalt å endre (sjølv om boka i sin heilskap er omfattande lyrikk). Derimot: kjem vi til fjerde og siste strofe i det same diktet, blir det jo annleis jobbing i line tre med startorda «Så blæser». Christensen først:
Så synger de sange om folkenes lykke
Så synger de sange om folkenes sorg
Så blæser de alle partier et stykke
og vælter den sidste papirtigers borg

(Ruset da:) Og her, i tredje line, kjem jo eit framand uttrykk på dansk for norske lesarar. Og derfor må den norske trø til med kraftuttrykk og dei to norske bokmålske linene, slik:
(...)
Så lar de partiene reise og ryke
og velter den siste papirtigers borg

*

Forlaget Pax lar omslaget på den gjendikta boka minne litt om sin eigen Paxlyrikk-serie frå 1968 og utover, der Inger Christensens landsmann Per Højholt kom ut, på dansk, med Digte i 1970. Og kvifor ikkje understreke tida vi snakkar om! Minst så mykje som Pax gjer?

Iallfall er det grunn til å gratulere både Endre Ruset og Pax Forlag med formålet å spreie klassikaren det her i Noreg og ønske lykke til. Silje Harr Svare har skrive etterord til den norske utgåva. Ho meiner verket er tidlaust.

Ein av dei aller første artiklane eg skreiv på denne nettstaden, i 2004, var om Christensens Samlede digte. I den artikkelen la eg vekt på tankar om vitskap og system. Eg kunne også lagt vekt på stort diktarleg overskot hos poeten.



Ps om vitskap

For norske diktbøker i 2015, bøker som eg studerte i eit prosjekt, fann eg innslag av vitskapstenkjing. Kanskje er det påverknad frå Inger Christensen som slår inn, kanskje er det andre årsaker til den nye tendensen? Vitskap tyder iallfall ein heil del i 2015-bøkene til Inger Elisabeth Hansen, Linda Klakken og Øyvind Rimbereid, samt i debutboka til Eirin Gundersen.