Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Forfattarklubbar
  Søndag 2. April 2006
Det blir lettare å fungere som forfattar i Noreg med den organiseringa som blir gjort i Den norske Forfatterforening no. Årsmøtet i DnF nyleg var ein stor siger. Med ei fersk medlemsundersøking som basis har foreininga organisert og held på å organisere forfattarklubbar på dei store og mellomstore forlaga. Kva er no dette? Det er rett og slett dette at fagforeinings-tanken og solidariteten sigrar, enda det kjem brått på for dei fleste folk innafor og utafor at tida er inne for slike lykketreff - .

Sjølv blei eg under årsmøtet plassert i eit ganske så fint beite av for-fattarar på Aschehougs forlag, forlaget mitt, saman med ei rekkje personar som eg møtte og prata fag med først NO. Og det synte seg at vi hadde mykje viktig sams å snakke om og drøfte alvorleg. Den nemnde undersøkinga var slik at forlaga i etterhand kunne skiljast frå kvarandre i statistikkane. Forlaga kunne jamførast resultatmessig, og det var dramatiske skilnader å sjå mellom topp og botn - .

Dette er ein god reiskap for oss forfattarar, og det er mykje enklare for gruppa når vi kan bruke solide og gode døme som førebilete overfor og innafor daffe og atterblivne forlag. Til dømes har dei tre aller største av forlagshusa i landet eit stort betrings-potensiale. For det som først eitt forlag kan klare av løyste oppgåver, må vel også eit mykje sterkare forlag kunne klare etterpå, tenkjer eg. Så eg er lettbeint optimistisk og ser føre meg gode tider i det litterære liv, landet skal få sjå betre og meir relevante bøker komme i omløp.

Anne Oterholm har verkeleg hatt ei heldig hand i rattet det første året av si formannstid - .


Nytt Apr 2006:

Femti år sidan Brecht
Lørdag 29.

Diktsidene i Polen
Torsdag 27.

Svevedikt
Tirsdag 4.

Forfattarklubbar
Søndag 2.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn