Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2016

Sterke familietema
Mandag 31.

Toppen av lesestoff
Lørdag 29.

Skål og suppe
Onsdag 26.

Rebolledo Pedersen & Frahm Jensen
Lørdag 22.

Nyprøvde kanalar
Onsdag 19.

System tilbake?
Lørdag 15.

Songlyrikken
Fredag 14.

Marx og framtida
Onsdag 12.

Utviding av litteraturkritikken?
Fredag 7.

Tema natur i byen
Mandag 3.

Datoar
Søndag 2.

Fredag 14. Oktober 2016

Songlyrikken

No har Bob Dylan fått nobelprisen, Alf Cranner fyller 80 denne månaden. Og neste månad, den 10/11, slepper han boka si om Alf Prøysen (eller blir det før). At Bob Dylan får nobelprisen, det tyder ein første pris til songlyrikken, meiner Håvard Rem. Og det har han rett i.

Håvard Rem har gjort omsetjingar av Bob Dylan til norsk og var flink med å verdsetje sjangren songlyrikk heilt tilbake til byrjinga av 1980-talet, hugsar eg. På den tida blei han altfor aleine. Veke-avisa Dag og Tid er opptatt av songlyrikken si stilling. I den avisa har Håvard Rem ein serie gåande om store songlyrikk-profilar i Noreg heilt tilbake til 1930-åra. Denne veka har Rem ei heilside om Einar Skjæraasen, med tillagt vekt på den kraftige dialektbølgja som var i Hedmark fylke og sidan forsvann... Skjæraasen er som kjent trysling, både Prøysen og Sandbeck er frå det same fylket. (Det er også Åsmund Sveen.)


Slik byrjar Håvard Rem da Bob Dylan sin «The Times They Are A-Changin’» (etter Klassekampen på leiarplass i dag):

Høyr på meg folkens i nord og sør
og innrøm at flaumen sto lågare før
og avfinn deg snart med å vada i møkk
Men dei som aktar på livet dei byrjar å
symja før dei søkk
No er det skiftande tider

(...)