Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2016

Sterke familietema
Mandag 31.

Toppen av lesestoff
Lørdag 29.

Skål og suppe
Onsdag 26.

Rebolledo Pedersen & Frahm Jensen
Lørdag 22.

Nyprøvde kanalar
Onsdag 19.

System tilbake?
Lørdag 15.

Songlyrikken
Fredag 14.

Marx og framtida
Onsdag 12.

Utviding av litteraturkritikken?
Fredag 7.

Tema natur i byen
Mandag 3.

Datoar
Søndag 2.

Fredag 7. Oktober 2016

Utviding av litteraturkritikken?

«Bokbloggere inn i varmen» heiter overskrifta hos Klassekampen 5/10. Bokbloggar - og ny VG-meldar - Elin Brend Bjørhei meiner at mykje «av det som publiseres på norske bokblogger, er av bedre kvalitet enn litteraturkritikken som står på trykk i norske aviser», ifølgje ein bilettekst. Bakgrunnen er den at litteraturprofessor Sissel Furuseth, som er med på storverket Norsk litteraturkritikks historie 1870-2010 (altså heilt fram til i dag), opnar for at bokbloggane kan sjåast på som litteraturkritikk. Også Furuseth blir intervjua, greit intervjua, i avisoppslaget.

Så vidt eg kan forstå, har vi ei bra utvikling. Men etter det eg også kan finne, fører nyvinninga neppe til at situasjonen for lyrikken i det offentlege, blir endra med det første. Når eg har skumma gjennom tre døme på bokbloggar som skal vere av dei betre (etter oppslaget i Klassekampen), ser eg ikkje boklyrikken nokon stad. Derimot blir roman og novelle vigd plass. Elin Brend Bjørhei, no også kritikar i VG (som sagt), står elles bak blogg Bokelskerinnen. Det er berre å lese hennar «Velkommen til nye Bokelskerinnen» der.