| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Mandag 27. Mars 2006
Dikt om dans
Norsk-pakistanske Adil vann nyleg ein av danseseriane på TV, fortent, men knapt, føre ei jente. Den nyaste dansetrenden har vori tema på diktsidene før (26/11). Eg har skrivi dikt om dans heilt frå 1966, i debuten BOK. Der var det eit dikt om magedans og eit dikt om Josephine Baker .
I diktsamlinga Filosofi, sa du (1994) har eg skrivi t.d korte dikt om dans . Er det nært mellom dikt og dans - ? Eit av dei nyaste dikta mine er:
forfatta til Mara Lee på festivalen
Her er ein større artikkel om dans .
Og her er to svært korte dikt om dans.
Det beste diktet som er skrivi nokongong om dans, er Alf Prøysens «Vårvise», med refrenglinja: Det er «æiller fali for den som dæinse». Om diktet framleis har moral å servere her i landet (og det trur eg), så er dette like mykje til middelaldrande som ikkje dansar, men berre sit og drikk, som til unge «ute på livet».
I diktsamlinga Filosofi, sa du (1994) har eg skrivi t.d korte dikt om dans . Er det nært mellom dikt og dans - ? Eit av dei nyaste dikta mine er:
forfatta til Mara Lee på festivalen
Martha Graham skal ha uttalt at dansarar har eit ekstra bein, ein ekstra lem. Den unge poeten Mara Lee gav seminaret oppgåva: Kva har poetar av ekstra til å hjelpe seg med?
Martha Graham står i vinkel
Fela ho let
Steinar Opstad står som ein stein
Mamma og pappa står tête-à-tête
Kva skal vi med alle våre hender
og neglar på tusen meter?
når vi kan dikte eit vers
Mara i sin diktarham talde oss
Såg eg Ingrid med si talte skam
Der var også Lina lyttande
Martha står i vinkel