Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2016

Songpoesi og engasjement
Mandag 29.

Nrk og lyrikken
Fredag 26.

Litteraturdagane i Vinje
Fredag 26.

Lyrikken går vidare
Torsdag 25.

Slampoetisk samlivskabaret
Søndag 21.

Audun Mortensens teser
Lørdag 20.

Diktopplag i mange tusen
Torsdag 18.

Dikt og bullshit
Tirsdag 16.

Slampoesi
Onsdag 10.

Litteraturdagar
Lørdag 6.

Hiroshima
Lørdag 6.

Fredag 26. August 2016

Nrk og lyrikken

Nrk er i gang med å bringe dikt ut til folket ved å aktivisere. Her presenterer Nrk seg sjølv. Eg ser Halldis Moren Vesaas straks. Noregs beste kjærleiksdikt, Nrk? Ord over grind? Dette er ikkje eit kjærleiksdikt, men eit vennedikt. Noko som er slått fast (av Halldis Moren Vesaas) for lenge sidan: Dikt om vennskap. Korfor skal ein blande kjærleik og vennskap så grundig når det gjeld dikt. For meg er det fint om Nrk vekkjer opp fortidas dikt og jobbar med dei, der det finst mykje å gje til dei nye generasjonane. Men lag ikkje myter og falske konstruksjonar! (Samtida er forvirra nok som det er.)

Det var ein debatt (i juli) om Nrk sitt arbeid. Fredrik Wanderup har ei stor innvending mot Nrk si satsing på «beste dikt». Han meiner Nrk går forbi verdiane.

Tilbake til Halldis Moren Vesaas og «Ord over grind». Les det ein gong til. Diktet blir betre, sa eg (i artikkelen). Vennedikt er like bra som kjærleiksdikt, og kanskje ein god del betre fordi dei er mykje sjeldnare. «Ord over grind» er eit av dei svært originale vennskaps-dikta vi har på norsk mål. Først og fremst vennedikt; sjå på det:

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.


Den som har innbilt Nrk at diktet er eit kjærleiksdikt, har ikkje lese diktet, men høyrt på ein eller annan «guru» tilbake i fortida, som er redd for både kjærleiken og vennskapen kanskje, innbiller eg meg, og ikkje har våga å lese diktet sjølv... Ingen snikrar dikt betre enn Haldis Moren Vesaas. Men da må du også kunne sjå at arbeidet her gjeld å uttrykkje eit vennskap. Og det er noko svært livsnødvendig, vennskap, som vi aldri må gløyme - .

Ja, Nrk. Nrk har eit godt fast diktprogram som heiter Diktafon. Radio.