Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2016

Songpoesi og engasjement
Mandag 29.

Nrk og lyrikken
Fredag 26.

Litteraturdagane i Vinje
Fredag 26.

Lyrikken går vidare
Torsdag 25.

Slampoetisk samlivskabaret
Søndag 21.

Audun Mortensens teser
Lørdag 20.

Diktopplag i mange tusen
Torsdag 18.

Dikt og bullshit
Tirsdag 16.

Slampoesi
Onsdag 10.

Litteraturdagar
Lørdag 6.

Hiroshima
Lørdag 6.

Torsdag 25. August 2016

Lyrikken går vidare

Korleis går det med innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur i 2016? I fjor var det diskusjon kring kulturrådet si organisatoriske handsaming av lyrikken. Nettstaden til kulturrådet syner at det hittil har vore to runder med vurdering av lyrikken i år, runde 1 og runde 2. Og det skal også vere ein runde 3. Det må vere bra å spreie både utgjeving og vurdering utover kalenderåret.

Hittil, på dei to første rundene, har eg funne funne 57 bøker med lyrikk, grovt rekna. Dei aller fleste er «påmelde innkjøpsordninga». Ein del bøker er alt såkalla «innkjøpt», medan berre tre er såkalla «avslått». Av dei som alt er innkjøpte, er til dømes Lars Saabye Christensen si bok Kargo.

Om eg har sett riktig, har desse forlaga flest utgjevingar i år, dømt etter runde 1 og 2: Cappelen Damm (9), Oktober (7) og Aschehoug (6). 5 diktutgjevingar (førebels) er oppførte på tre forlag: Samlaget, Gyldendal og Kolon. Alt i alt er 20 forlag inne med utgjevingar til no. Av dei er 8 forlag (førebels) inne med ei diktutgjeving. Relativt store forlag er også Bokvennen (4) og Flamme (3). [Merknad: Sjå ein monaleg auke notert 10/11, sjå nederst.]

Eit par av debutantane i fjor (som fekk gode meldingar) kjem med ny diktbok. Elles er det påfallande få av dei som gav ut dikt i fjor, som gjentar dette i år. Diktsjangren er nok ein sjanger som passar mange, men som krev sitt. Kan eg trekkje ein slik sams konklusjon (førebels)? Det er interessant å sjå.



Ps 26/8 – 2016:

Det var nett Cappelen Damm som blei «avslått» eit par gonger i fjor ved gode dikt, noko som det blei protestert på av fleire (og av Den norske Forfattarforeining på den måten at avslag på bokinnkjøp til biblioteka - eller presisare: avslag på betaling for innkjøp - må få ei reell ankemoglegheit). Cappelen Damm mista «innkjøpspengar» frå staten/Kulturrådet, men tok likevel ikkje skrekken av dette framfor 2016 sine utfordringar, ser vi no i 2016. Fordi forlaget framfor 2015 hadde jobba bra med diktutgjevingane sine.

I seinare tid har fokuset på norske diktutgjevingar komme frå fleire kantar. Dette tykkjer eg er svært bra. På nettstaden starta eg her ei vurdering av dei norske diktutgjevingane i fjor. Eg las og vurderte 53 diktbøker frå 2015 og bladde i ein del fleire (15-20).



Ps 10/11 - 2016:

Seinare auka talet på diktbøker med 19, slik at det samla talet gjekk frå 57 til 76. Det vil seie nokså nøyaktig det same talet som året før på utgjevingar av dikt. Somme forlag auka talet på sine utgjevingar monaleg: Cappelen opp til 13. Samlaget opp til 10, og Gyldendal opp til 8. Kolon opp til 6, Flamme stoppa på 5.