Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2016

Songpoesi og engasjement
Mandag 29.

Nrk og lyrikken
Fredag 26.

Litteraturdagane i Vinje
Fredag 26.

Lyrikken går vidare
Torsdag 25.

Slampoetisk samlivskabaret
Søndag 21.

Audun Mortensens teser
Lørdag 20.

Diktopplag i mange tusen
Torsdag 18.

Dikt og bullshit
Tirsdag 16.

Slampoesi
Onsdag 10.

Litteraturdagar
Lørdag 6.

Hiroshima
Lørdag 6.

Onsdag 10. August 2016

Slampoesi

Det blir ny konkurranse i slampoesi og ny delfinale lagt til Gvarv (i Telemark). I morgon 11/8 er starten. (Og eg tar turen og luftar nye dikt og høyrer på kva som er i gjerde.)


Kva er slam? Det er Foreningen !les som tar hand om organiseringa av noregsmeisterskapen i poesislam. Sjå videoen!




Ps: På videoen seier Borgersrud at slam på sitt beste er både dikt og «rap» og forteljing, folketalar, appell og standup, kan vere både uderhaldande, provoserande, rørande, engasjerande. Om eg har sitert rett -. På delfinalen i Gvarv blei det kanskje færre ting som var viktige og poenggjevande. Eg meiner det blei sagt og gjentatt at ikkje kva det er, men måten det gjerast på er viktigast og vidare at publikum si deltaking skulle telle. På Gvarv blei deltakarane alle presenterte, og dei presenterte seg sjølve gjennom kva dei fortalde. Så eg vil tilføye eit anna element i Gvarv-konkurransen, som ikkje blei formulert av nokon: Ikkje berre måten det blei gjort på av ein-skilde, men kven det er som gjer det, blir for all del viktig!

Eksempelvis: Ei tilårskommen og fresk og munnrapp og likandes dame drog korleis ho måtte drepe eit par mus. Det var noko ho hadde forfatta den same morgonen, sa ho. Av iallfall ein domarjury fekk ho 10 poeng (av ei ramme frå 1 til 10, der det også er tidelar på skalaen). Altså ein absolutt topp! Konklusjonen min blir at ho var ikkje målt imot det ideale for slampoesi, men målt opp mot standup. (I dette tilfellet heller ikkje standup med eit nytt område for humor.)
Vidare undrar eg meg etter dette på om utviklinga av slam innafor konkurransane på området - frå 2012 (videoen) til 2016 - går altfor hurtig i retning av standup. Forsvinn litteraturen, dvs både poesi og forteljing, ut her?