Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2016

Terror
Lørdag 23.

Ein by blir 350 år
Fredag 15.

Alabama
Fredag 8.

Jens nye andlet
Fredag 8.

Stor hending
Lørdag 2.

Fredag 15. Juli 2016

Ein by blir 350 år

Ein by blir 350 år som by. Er det noko å feire? Kragerø meiner det, og eg er samd med kommunen, som rommar både skogen, kysten, byen. Forske og feire. Blir det forska for mykje på tynt grunnlag, så er det vikingetida, ei tid for 1000 år sida. Men her i Kragerø går det verkeleg føre seg desse dagane. Og til dels heile resten av dette året.

Datoen 12.juli var det 350 år sidan kongen i København gav staden sjølvstende og rett til å drive handelen. Til da hadde området vore under Skien, som var ein enda eldre by med rettar, ein av dei eldste, faktisk, i landet. Kragerø blei elles by nr 10. Året var 1666.

Eg vil jammen feire litt med med nokre verselinjer:


Kragerø låg utfylt
over svaberg og under høge furuheier

som ein solid søknad
til riksantikvaren

Og vi stega Løkka
over Steinmann
og nedover nedover
ned heile Thomesheia

men stoppa i Barthebakken
helvete så fint gjort



___________
Ps 17/7-2016: Midtpunktet vi hadde, i området som til slutt er blitt ein relativt stor kommune, låg først i Sannidal. Dette var ei naturleg hamn, frå naturen si side, i Kil. Lenge var det seglbåtar som hadde noko å seie... Seinare, etter at store område i noverande Kragerø by blei utfylte (slik som diktet nemner) blei midtpunktet skapt i sjølve noverande Kragerø sentrum.