Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2016

Terror
Lørdag 23.

Ein by blir 350 år
Fredag 15.

Alabama
Fredag 8.

Jens nye andlet
Fredag 8.

Stor hending
Lørdag 2.

Fredag 8. Juli 2016

Jens nye andlet

I dag, 8. juli, kjem NATO sitt toppmøte. Og Jens Stoltenberg er generalsekretær. Men i høve til dette vil eg gjerne sitere Åsmund Bjørnstads aktuelle dikt «Jens’ nye andlet», eit dikt som er trykt på baksida av vekeavisa Dag og Tid i dag (med layout som nettstaden ikkje får til):



Du, i dagsrevyen igjen. Men andletet – kvens
er det? Sjølv i studio stivt og ufritt.
Det helsar på slåstkjemper
på basen i North Carolina,
det seier reaksjonstid, truverdig, men

kvar er det andlet vi kjenner –
det som for all tid
uttrykte Utøya og
vann oss,
som song Stans dem med ånd - .
Ingen kald krigar du, men kanskje
out of area?
Dra eit drosjesjåførstunt:
Skaff staben ein narr,
ein som på skjemt seier sant,
ei livvakt som stadig tweetar Memento morientes:
hugs dei døyande
andlet –
ditt, ligg det
i forvar på Øvstkommanderandes kontor,
med kodeord
I quit?
Kom heim,
til høge verv, klima, vaksinar, fred -
til andletet ditt.