Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2016

Ballen er rund
Torsdag 30.

Feiring
Fredag 24.

Tobben & Ero
Torsdag 23.

Ein dag for flyktningar
Mandag 20.

Frå si kamplystne side
Torsdag 9.

Muhammad Ali
Søndag 5.

Varmebølgje og Syria
Torsdag 2.

Fredag 24. Juni 2016

Feiring

Kven feirar i dag? I kommunen vår feirar vi St.Hans med sams bålbrenning i kveld først, sidan det er fredag, for å få flest mogleg med. Ei demokratisk avgjerd blei gjort, trur vi. Og dertil feirar eg resultatet av folkerøystinga (valet) i Storbritannia. Gjer ikkje du?

Nok ein gong syner direkte demokrati at dei minst utdanna, dvs arbeidarklassen, er for demokrati, medan dei langt høgare utdanna forsvarer overkøyring i samfunnet og lite forstår av demokratiet i Storbritannia. Da er det slik som Kjartan Fløgstad så overtydande fortel om dei høgt utdanna, gjennom den siste romanserien sin. Og dette har han kvessa og samla til ei essaybok i år, Etter i saumane. Dei som lite forstår og lite bryr seg.




Ps 26/6 2016 (dagen etter):

Slagordet mitt etter folkerøystinga i Storbritannia om EU er fram-leis Marx og Engels sitt slagord i manifestet: Proletarar i alle land, samein dykk! Eg tykkjer Storbritannia har for mange kjendisar på banen og trur ikkje på "Kjendisar i alle land, samein dykk!» Nei.

I går kunne ein lese Bjørgulv Braanen sin grundige og informative lange leiarartikkel i Klassekampen. Folkerøystinga i Storbritannia ser eg på same måten som Braanen, sjølv utan å ha dei kunnskapane og fordelaktige referansane som han har (som avismann).