Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2016

Ballen er rund
Torsdag 30.

Feiring
Fredag 24.

Tobben & Ero
Torsdag 23.

Ein dag for flyktningar
Mandag 20.

Frå si kamplystne side
Torsdag 9.

Muhammad Ali
Søndag 5.

Varmebølgje og Syria
Torsdag 2.

Mandag 20. Juni 2016

Ein dag for flyktningar

Mange enkeltmenneske gjer ein jobb for flyktningar som kjem. Andre kan så godt følgje opp med å delta på arrangement - .

Ein dag for verda sine flyktningar? Har aldri vore så aktuelt som når vi skriv 20. juni 2016. Det verkar som all viktig aktuell politikk skapar flytningar, både interne flyktningar og store straumar stressa flyktningar til andre land, som i alt vesentleg er naboar, naboland.

Politikk? Det er nok å nemne alliansen NATOs stadige krigføring. Og religiøse motsetningar, ikkje minst skismaet mellom dei svære hovudretningane i islam, shia og sunni, blir utnytta på skruppellaust vis av harde og reaksjonære regime i Midtausten. Og av NATO og NATO-land. (Russland blir lite, ser det ut til.)




Eit apropos ved sida av flyktningane:

Øyvind Andresen har ein nettomtale av boka «Svømme med haier», skrive av den nederlandske journalisten og antropologen Joris Luyendijk (med avslørande materiale på Londons finanssektor).
Nrk har meldt boka (som er ny).





Her låner eg av iranske Asieh Amini eit dikt (er gjendikta av Nina Zandini) med banalt utgangspunkt:

Akkurat slik jeg er
Kvinnen med ører som lange spiker,
store, svarte kuler til øyne,
hen i sikksakk
og hud, tynn som løkskall.

Kvinnens kjeve beveger seg fra side til side
når hun snakker,
innvollene
er som urverk
og fingrene uten negler.

Kvinnen flere lysår bortenfor
er min nabo,
en ensom kvinne.

Noen ganger ser vi opp mot himmelen samtidig
og tenker:

Hva gjør den ensomme nabokvinnen
bak denne veggen,
mange lysår unna?



Trondheim, 26.07.2011