Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2006

Dikt om dans
Mandag 27.

nypoesi.net
Lørdag 18.

Ibsengransking og Dag Solstad
Onsdag 15.

Onsdag 15. Mars 2006

Ibsengransking og Dag Solstad

Dette skal dreie seg om estetikarar med ei spesiell evne. Eit par gonger var eg inne på Ibsentekstar på nettstaden i fjor. I fjor var eg også inne på Solstad i Svingstol 1967 og inne på hans sjølv-iscenesette roman 16.07.41. Det er Ibsenår og Solstadår i år. Og ingen er så Ibsen som Solstad. Dag Solstad er fiksert på Henrik Ibsen og må seiast å vere ein ekspert på emnet, både Ibsendikting og Ibsenpersonen. Eg las nyleg Solstad si solide melding av Ibsen-biografien frå Ivo de Figureiredo.

Men det er også i høg grad Solstadår. For to dagar sidan høyrde eg Dag i Nrk lese frå byrjinga av ”Gymnaslæraren”, avsnitta som peikar imot ein erotisk roman med utgangspunkt i året 1968. Som vi alle veit er ”Gymnaslæraren” no filma og blitt ein hyppig omtalt norsk film: Kan vel unge i dag som ser filmen, forstå noko av den politiske «vekkjinga»som heimsøkte landet vårt? Det er iallfall på tide at Solstad blir filma.

For ikkje lenge sidan blei det sluppi ein dokumentarfilm bygd på eit lengre intervju med Dag Solstad, der han ser ut som Henrik Ibsen i ei røyksky og ler mykje medan han snakkar fritt. Eg måtte leggje meg og sove før dokumentarfilmen blei send på TV, slik at vekkjarklokka vekte meg opp til sendetida, det var ein fin måte. Kva eg meiner med at Solstad er så Ibsen - ?

Først og fremst dette:

Dei begge har ei så eineståande evne til å rette sin estetikk TIL EIKVAR TID inn på dei aktuelle emna og inn på dei framstillingsmåtane som den skiftande livskjensla i tida krev. Berre underordna er det at Ibsen var dramatikar og Solstad er romanforfattar, berre underordna er også det tilhøvet at Ibsen var eit ”betremannsbarn” i Skien og Grimstad (ifølgje Solstads analyse av storfamilien Ibsen og optimistiske økonomiske utsikter for ein ung apotekarlærling), medan Solstad for sin del, meiner eg bestemt, er son av alminnelege folk.


Og tillegg:

Når eg skriv om Dag Solstad (alias Ibsen) eller om Jan Erik Vold (alias Bjørnson, Wergeland), blir det liksom «familien på 1960-talet». Dette får eg berre stå ved. Her er eit par personleg prega lenker til ca 1967, der Solstads og Volds litteraturar blir tematiserte, Dag Solstad i Min skam , og både Vold og Solstad i Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?

og meir drøftande og generelt: Pulsen på kunsten og litteraturen, del 2 .