Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2016

President til Hiroshima
Fredag 27.

Den største festivalen
Mandag 23.

Å ikkje sjå skogen...
Torsdag 19.

Nye røyster i lyrikken
Søndag 15.

MOTFORESTILLINGER III - NAKBA UTEN
Fredag 13.

Tid for dikt
Onsdag 4.

Vårslipp
Mandag 2.

Torsdag 19. Mai 2016

Å ikkje sjå skogen...

Det finst solide historiske røynsler som blir for lite påakta og ofte dekt over, nemleg overgangen mellom liberalistiske borgarlege menneske og høgreekstreme rørsler. Dvs tildømes til nazismen. Når vi les Kjartan Fløgstads svært tematiske essaybok av året, Etter i saumane, kan vi ikkje godt unngå å få med oss dette sterke hovud-poenget hos forfattaren. Debatten rundt boka har vore nyttig, vil eg seie. Men kommentarane hittil har ligge litt på sida av Fløgstads hovudpoeng (eit hovudpoeng som var nokså kjend allereie ifrå dei velskrivne romanane hans). Men dokumentasjonen hans for ein merka superovergang mellom liberalistiske, av yrke borgarlege, menneske og høgreekstreme rørsler er sterk. Den dødsens alvorlege konklusjonen implisitt i Fløgstads bok er vanskeleg å rokke ved for kommentatorar; men fortener iallfall kommentarar og må bli drøfta, ikkje bli feid under det akademiske teppet.

Har essayboka til Fløgstad noko å seie i praksis? Kva for ei logisk slutning, kva for ein moral, er det naturleg å trekkje i praksis? Bra orienterte folk, og dei er mange i dag, men som likevel ikkje vil rekne med verdien av solidaritet gjennom fagrørsle og ikkje ser solidaritet som er i den store arbeidande massen, desse «orienterte» folka har eit godt stykke igjen å erkjenne og må før eller sidan delta i - eller skipe - eit eige kveldsseminar for å orientere seg.

Men det er nok lett for mange å «ikkje sjå skogen for berre tre» når Fløgstad peiker på skogen.



Ps 20/5:

Ei felle for deg som du ikkje må rote deg inn i: Ikkje bland saman langvarig ideologisk-politisk forsking hos Kjartan Fløgstad med eit ønske om å igjenoppta landssvikdomstolane etter krigen. Det er stor kjærleik og ikkje forseinka hemn som er motivet i arbeidet hans. Og lykke til med lesinga av Etter i saumane... Eg kan elles, som eg har gjort før, tilrå romanane. (Slik Michelet er i dei ferske krigsseglar-romanane sine, er også Fløgstad på sitt beste i dei siste romanane.)


Melding? Her er elles Gerd Elin Stava Sandves meir solide melding av Fløgstad i Dagsavisen. Også Dagbladet har bokmelding (som eg ikkje har lese)... Og bloggaren Terje Alnes leverer (ein instruktiv tekst). Eskil Skjeldal (i Vårt Land), som ikkje ser nokon mon med boka, fortaper seg i kritikk og formalitetar, tykkjer no eg. (Av feil: Kommentatorane gløymer den tidlege romanen Grand Manila?)