| Heim > Nytt | 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Onsdag 22. Februar 2006
Kva vil 2006 tyde for diktet?
Det er utdeling og pristid no. Var det førstkommande fredag at kanskje Göran Sonnevi fekk den store nordiske prisen, ein mann som debuterte heilt tidleg i 1960-åra...
Eg har følgd litt med på utviklinga av norsk lyrikk dei siste par åra, gjennom artikkel-spalta mi og Nytt. For året 2004 fanga eg det stigande konkretist-nivået (med m.a. debutanten Vemund Solheim Ådland); for året 2005 prøvde eg å skildre ei tilsvarande forstørring av muntlege langdikt (med m.a. debutanten Ruth Lillegraven).
For begge dei to åra har eg jamført med 1960-tals estetikk. Eg viser deg, lesar, til artikkel-oversikta mi. Vil diktutgjevingane no på våren 2006 innebere ei større kursendring eller følgje på grunnlaget dei siste to åra? Ja, eg tippar det siste.
Ps fredag 24/2: Og han vann, Göran Sonnevi, for Oceanen. Ingen tykte det var ufortent.