Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2016

Akkurat no
Fredag 29.

heavenly field
Torsdag 28.

Bokdag
Lørdag 23.

Foreiningshytte
Torsdag 21.

Kargo
Mandag 18.

Komne
Mandag 18.

Kulturkamp II
Fredag 8.

Poesikanalar som lever
Onsdag 6.

Kulturkamp i stort
Tirsdag 5.

Torsdag 21. April 2016

Foreiningshytte

Atskillege nye innmelde var til stades på årsmøte i Den norske forfattarforeininga, mange nye yngre. Om eg ikkje misforsto, så var 16 nye innmelde til stades på årsmøtet som fungerer som landsmøte med i alt 140 samla i stort rom, av eit aukande medlemstal frå rundt i landet på 638. Dette er vaksenbok-forfattarar, alle er såkalte skjønnlitterære forfattarar, gode på vaksenroman, lyrikk, novelle med meir. Fleire av dei nye innmelde var aktive i sakene og ønska setje seg inn i meir av materien! Eit godt utgangspunkt for oss som foreining med mykje å stri med framover er det, med alle endringar i marknaden!

Etter måten den sterkaste forfattarforeininga som vi kjenner til, trur eg. Og dette må til her på berget. Det trengst stort samarbeid og høg organisering for ein såpass folketynn nasjon som Noreg er i eit smålåtent språkområde, lite som nedslagsfelt for levande litteratur. Ein eg snakka med i telefon, ein som ikkje var til stades og beklaga det, saknar for tida folk som forstår å snakke til alle. Meinte han. Slike som Edvard Hoem, sa han, for ikkje å gløyme Ebba Haslund, sa han til meg over telefonen. Når eg meinte han skulle vori der.

Vel. Større mobiliering trengst iallfall alltid for å forsvare skansane og byggje nytt avtaleverk. Ein kunne med fordel aktivisert forlags-klubbane på dette todagars årsmøtet. Eit krav kom opp på søndag om å få gruppediskusjonar på årsmøtet neste gong, der ein spesielt kunne førebu handsaminga av handlingsplanen for organisasjonen.

Det er fint å komme saman, tykkjer ein del av oss. Og mange har ikkje stort miljø lokalt. Lurt å bruke tida fullt ut, og ikkje vere heilt ferdige med sakskartet alt til lunsj på søndag, dvs tidleg på årsmøtet sin andre dag, slik det dessverre berre blei denne gongen.

Ei sak om foreininga si testamentarisk donerte fjellhytte fekk ein del nye folk opp på talarstolen. Både ein med motorsag og ein med jaktvåpen. Denne for lite brukte gammaldagse hytta vår, med behov for dyr oppgradering, blei ei slags symbolsak for nye medlemmar. Kanskje er trenden i ferd med å snu. Trenden har vore slik: Til og med dei mange bedriftshyttene ved havet for ein del år sidan som fagorganiserte hadde likt før, blei for spartanske for folk og lite lånte og dermed selde ut frå selskapet, til dømes frå Aker-konsernet, og over til private brukarar med pengar til svær oppgradering og sans for fast eigedom som ei pengeplassering.

På nytt ønsker kanskje yngre forfattarar å bu for ein skriveperiode i ei hytte utan innlagt vatn, men med fred og ro, når hytta berre er gratis å leige. Den vanlege skriveinntekta - medianinntekta for skriving - til dei skjønnlitterære vaksenbokforfattarane er berre på rundt 120 000 kroner pr år.

Jo, eit fleirtal på årsmøtet røysta for sal av hytta. Så skal saka opp til 2. gongs handsaming på årsmøtet i 2017, saman med takst og eventuelle utgifter til nødvendig oppgradering og dertil ein klår og god alternativ bruk av desse hyttepengane ved eit sal. Så får vi sjå kva for idéar som finst og om mange folk nyttar høvet til å prøve hytta før årsmøtet da. Tynset ventar. Tronfjellet ventar. Tomta til hytta er stor, prøv gjerne motorsag på buskar. Prøv gjerne jakttid. Elles er det ein oppsynsmann for hytta i dag.





Ps 30/4-2016 (ei veke seinare):

For fire år sidan var forfattarforeininga i gang med å mobilisere og kurse forfattarane, slik.