Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2016

Akkurat no
Fredag 29.

heavenly field
Torsdag 28.

Bokdag
Lørdag 23.

Foreiningshytte
Torsdag 21.

Kargo
Mandag 18.

Komne
Mandag 18.

Kulturkamp II
Fredag 8.

Poesikanalar som lever
Onsdag 6.

Kulturkamp i stort
Tirsdag 5.

Mandag 18. April 2016

Kargo

Dansk-norske Lars Saabye Christensen, som også kan og har skrive på dansk, han er enda meir kjend for romanane Beatles, Herman og Halvbroren enn for lyrikken sin, har gjeve ut diktboka Kargo no i vår. Kristian Wikborg Wiese i Dagsavisen melder boka og har fått tak på Saabye Christensens fine basis, den breie kommuniserande uttrykksmåten.

Kløktige metaforar er funne frå dagleg liv, tykkjer eg, gjerne med dei ganske moderne orda, enda døden sjeldan er langt borte. Vi veit om døden når vi har lese dette... Og det er ikkje berre typiske poetar som kan skrive dikt, skjønar vi etterpå. Menn mot døden som skriv om livet.

Alt «skal ut» er parolen, og han har det travelt, det er greit på ein måte. Derimot kunne poeten (eller dei på forlaget) spandert betre korrektur og ei innhaldsliste i den svære boka. Det er mange fine titlar (til ei liste bak). Alt i alt vil mange like denne boka eller setje stor pris på enkeltdikt.