Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2016

Realisme i krim
Torsdag 31.

Poesidagen
Mandag 21.

Kjersti Kveli på Josefinevise
Mandag 14.

Aforismar og dikt
Torsdag 10.

Annabelle Despard
Tirsdag 8.

Slepp stilane fri
Søndag 6.

Støtt ytringsfridomen
Onsdag 2.

Mars
Tirsdag 1.

Torsdag 31. Mars 2016

Realisme i krim

At Island har korrupte toppfolk, syner saka mot statsministeren som har store verdiar i skatteparadis (på Jomfruøyene). Vi hugsar den svære kollapsen i islandsk banksystem for berre få år sidan. Derfor var den islandske krimserien Innesperret, frå i år, så velgjerande realistisk, kanskje i motsetnad til kva fleirtalet av krimseriar synt på norsk TV, er.

Toppfolka i Noreg styrer sant og visst med ulike ting. Lenge har det vore viktig å gjere kommunane større for dei. Dei tar det for gjeve at norske kommunar er altfor små. Sanninga er at norske kommunar gjennomsnittleg hadde dobbelt så stort innbyggjartal som gjennom-snittet i EU, fortel tala frå 2008. Dessutan har jo norske kommunar gjennomsnittleg fjorten gonger så stort areal som kommunane i EU! Ja, eg gjentar: Fjorten gonger. Blir det ikkje dermed nok avstand for oss mellom dei som styrer og dei styrte?

Grunnen til at toppfolka vil ha større kommunar er nok berre at dei ønsker marknad for meir konkurranseutsetjing. Og dermed blir det privatisering av tenester. Toppfolka vil ha store internasjonale kjeder inn... Intervjuet med kommuneforskar - tidlegare rådmann - professor Bjarne Jensen for eit par år sidan seier det meste om storleiken på kommunane: Oppslag i Abcnyheter.





Ps 12/4 2016:

Professor ved Høgskolen i Telemark Bjarne Jensen satsar forskinga si som redaktør for ei fersk bok, der konklusjonen er at kommune-samanslåing har gjeve mindre folkevekst og at bygdejobbar kverv. Boka sin tittel er Folkestyre eller elitestyre?.