Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2016

Rune Tuverud: Foran Orion
Mandag 29.

Takk for boka
Torsdag 18.

Nordisk samtidspoesi
Tirsdag 16.

Johan Jönson
Torsdag 11.

Viser for meg og deg
Onsdag 10.

DERRICK av Jan Wilsberg
Mandag 8.

Oslo Poesifilm
Torsdag 4.

Diktomtalen (visuelt) på nettet
Onsdag 3.

Mandag 29. Februar 2016

Rune Tuverud: Foran Orion

I denne omtalen av ei bok puttar eg inn ein del sidetal som kan ha lesarinteresse. Rune Tuverud kjem med dikt ofte lagt til lengre tradisjonell køyring i bil, i praksis med stopp ved bensinstasjonar. Eit av dikta, kveldsdiktet «Ved ein bensinstasjon» (side 25), handlar om sjåføren taus med spebarnet (sitt) som sprellar friskt med beina. Saman er dei to med i situasjonen utan at nokon av dei kan setje ord på reisa, setje ord på kvelden og på stadige møtande frontlys ved bensinstasjonen. Vi kjenner og forstår likevel det som skjer. Og her er funne ein poetikk for boka.

I eit anna dikt, eit dikt med tittel «Tur-retur Jessheim» (s 29) er t.d eit omtalt «barnebarn» med. Ja, dikt-titlane i boka illustrerer og viser til mykje ferdsel... Eksempelvis: «Øresundbroen» (s 40), «Momarkedet» (s 44), «Busstur» (s 67) og «Slektstevne» (s 68). Ei anna sak: Det er eit vanleg symbol på personleg oppleving i dag: ei «reise!». Reise er blitt det mest velbrukte tittelordet på livet vårt, når ein skal halde fram noko hendt som er personleg viktig, av det som hender med oss.

Enkelte vil seie: ein «harry» omgjevnad for skildringar i boka. Det er eg samd i. Men ikkje desto mindre er det brukt klårt definerte og spesifiserte omgjevnader. Solid. Den litt banale omgjevnaden blir handsama utan mykje ironi... Og vi lever jo eit slikt liv, dei aller fleste av oss. Reiser er stadig med oss. Og med er jo også familie, faktisk rett mykje familie i periodar og i delar av året. Ofte er det familie som er innhaldet.

I denne diktboka er eit viktig «vi» stadig med, jammen er det blitt det i dikt etter dikt. Men det er ikkje eit «vi» som kviler i ro eller som gjorde det viktige tilbake i tida. I denne boka er det dikt etter dikt med eit uttalt «vi» som gjer noko i det som skjer her og no i diktet. Eller det kan iallfall vere eit underforstått «vi» når det er snakk om eit sovande barn... Og teksten klarer seg utan skryt og kyt omkring barnet. Dette «vi-et» hos Tuverud kjem inn nesten som eit lite under i den aktverdige norske poesien. NB: Det er ikkje biografi eller portrett eg les i denne boka, det er livssituasjon, det er livet, det er dikt.

Poeten er inne på samanhengen i mange ting i det vesle prosadiktet «Fretex» (s 73), der diktet slår fast den opplagt sannferdige røynsla at «gjenbruk av smil» er ein verdi. Somme av enkeltdikta i boka følgjer årssyklusen ved hjelp av dikt knytta til månader, det vil seie grep retta imot årstid og natur. I diktet «Mars» (s 50) ender ei reise til Sverige opp med at bilen seinkvelds parkerer i heimen «foran Orion», det vil seie stjernebiletet Orion. Og dette er noko som hos forfattaren fører fram til den samla boktittelen Foran Orion.


Vi kjører hjem fra Sverige
om kvelden

du snakker om
at du savner
vårt barnebarn

at savnet dukker opp
at det hele tiden dukker opp

ja, sier jeg
litt nølende

mens jeg konsentrerer meg
om den opplyste veibanen

minuttene går
uten at vi sier noe

minuttene går
som om vi ikke tenker på noe

jeg svinger opp
den mørke innkjørselen

parkerer foran Orion
og skrur av tenningen



Du blei overraska over det nøkterne? Eg nyt dikta til Rune Tuverud i denne boka. Eg elskar at ein lyrikar i Noreg tar opp det viktige harryet og samstundes nødvendige i dei fleste liva våre og gjer det utan å fokusere på sterkt satiriske sider - eller vifte tydeleg med peikefingeren opp i nasen på folk eller lesaren. Kvifor gjer ikkje fleire poetar det slik? Godt gjort er dette i ei diktbok frå 2015 (enda ho kom svært seint på året). Så kan eg også spørje: Kjem boka brått på det intellektuelle miljøet i Noreg? Korleis vil kritikarane skjøtte jobben sin.

Elles er jo det norske lyrikk-året 2015 godt på å skildre den norske familien gjennom sorg. Dette året er nok viktig for litteraturen. Men Rune Tuverud si skildring av fleire «vi» som handlar og gjer (utan samanraska fiksfakseri), er ei framifrå sak. Særleg dersom lesarane finn fram til boka…



Foran Orion kom ut på forlaget Cappelen Damm, eit stort forlag som gjorde ein god jobb med diktbøkene sine i 2015, slik eg har gjort reie for her.