Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2016

Rune Tuverud: Foran Orion
Mandag 29.

Takk for boka
Torsdag 18.

Nordisk samtidspoesi
Tirsdag 16.

Johan Jönson
Torsdag 11.

Viser for meg og deg
Onsdag 10.

DERRICK av Jan Wilsberg
Mandag 8.

Oslo Poesifilm
Torsdag 4.

Diktomtalen (visuelt) på nettet
Onsdag 3.

Torsdag 18. Februar 2016

Takk for boka

Til jul fekk eg «Havboka» i julegåve. Sikkert ikkje den einaste som oppnådde det. På grunn av ekstra mange diktbøker å få ferdiglesne til eit prosjekt, så måtte eg vente med å ta fatt på Morten Strøksnes si blanding av reportasje- og essaykunst i «Havboka». Enda denne boka kunne syne seg å vere midt i blinken også for akkurat meg.

Så synte det seg at ho var nett det. Dette blei for meg sjølve skriftet som for tida siterer diktliner av alle slag (Torgeir Schjerven, Halldis Moren Vesaas, Arthur Rimbaud, «Skrova-sangen», Rolf Jacobsen, Edgar Allan Poe osv.). Saman med andre høgst ulike dokument - .

Forfattaren er rett konkret i boka, men tar med forteljargleda, i ikkje berre reportasje og essay, men også i nære opplevingar. Utan å vere redd for den omstendelege jobben. Noteapparatet er så uttømmande og flott, ein reidskap til kjelder og ein lovsong til kjelder.

Strøksnes er ein mellomting mellom Erik Bye og Jon Michelet, med same solide bakgrunn i journalistikken som dei to har. No blir dei tre, synest eg. Det guteaktige og folkelege pregar «Havboka»... No etter denne utgjevinga står eg igjen med ei hovudsak og prøver meg med oppsummering:

Livet starta i havet
Og livet er i havet
Havet, kva er havet
Barentshavet og Lofothavet