Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2006

Ottar Ormstad på vårliste
Søndag 29.

Autonomi-estetikken kverv?
Fredag 6.

Søndag 29. Januar 2006

Ottar Ormstad på vårliste

Forlaga kjem med sine vårlister, og somme utvalde titlar på listene får tradisjonelt ein presentasjon på pressekonferansen. Slik at vi kan byrje å gle oss - .

På Samlaget si liste finn vi telefonkatalogdiktet av Ottar Ormstad. Eg kjenner alt verket frå eit innsyn i manus, og eg vil gjerne gje heider både til forfattar og til forlag.

Forlaget til Ottar Ormstad melder at telefonkatalogdiktet er ei ”blanding av lydpoesi og visuell poesi”. Eg veit ikkje heilt kvifor dei seier det så tørt og så merkelappaktig. All poesi er til ein viss grad auditiv og visuell. Og kva «lydpoesi» og «visuell poesi» tyder i dag, er det vel eit fåtal som veit og kan vere viss på å vite.

Eg vil derfor presisere: Her er den mest typografiske diktsamlinga i Noreg hittil, kanskje også i heile Skandinavia, men ikkje typografisk i tydinga mange skrifttyper eller for den del eit uoversiktleg ”rot”, men typografisk når det gjeld nøyaktig kor på boksida orda er plasserte i høve til kvarandre. Og først og fremst er samlinga konkret på ei rekkje viktige område. Samlinga tar utgangspunkt i ei gitt rekkje etternamn og byggjer opp eit stort verk som menneske er i, bur i og står i.

Dette vil eg føre fram som ei forventning til utgjevinga, som om det skulle vori Dum dum boys si etterlengta plate, eller slik som ved stor-håpet til Marit Bjørgen sine kraftige klyv gjennom løypene i Torino-OL.

Det er lenge mellom vakre poesiverk som skildrar Oslo eller det som Oslo kunne vori. Her har vi eit av dei aller vakraste verka nokon Oslo-borgar hittil har gitt byen sin eller ein annan skandinav har gitt sin eigen skandinaviske store by.

*

Ps 1.februar: Poesien sine føremoner er alle måtane han er konkret på. Sjå artikkelen Konkret i poesi? .

Og jamfør artikkelen i Kuiper, der eg går gjennom mange av dei nye konkrete måtane i Jan Erik Volds 1968-samling .

Samlinga Mor Godhjertas glade versjon. Ja står seg, medan derimot Klaus Rifbjerg tok eit oppgjer med sine ein gong utruleg populære dikt Amagerdigte .

*

Ps 5.februar: Eit intervju med Ottar Ormstad om telefonkatalogdiktet i dagens VG (søndag) side 48.

Ps 25.mars: Ottar Fyllingsnes har eit grundig intervju med Ormstad i Dag og Tid.

Ps 30.april: I Aftenposten avviser Ingunn Økland den nye norske visuelle poesien som «Akterutseilt poesi» .


Ps 20. mai nytt år, 2007: Dette er nett Ottar Ormstad godt planta i ein
finsk «nattnettstad»
.